Konsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Innbyggartorget i Skodje
Nihusvegen 3, 6260 Skodje
Org. nr: - Stillingsident: 4270070525 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.11.2020.
Vi søkjer deg som har lokal kjennskap til Skodje og kommunen, er løysingsorientert og kan møte menneske med eit smil.
Innbyggartorga skal vere eit treffpunkt for innbyggarar, organisasjonar, næringsliv og kommune.
Desse nyetablerte møteplassane skal både vere ein arena for innbyggarretta tenester og service, og ein arena for å utvikle lokalmiljøet og nærdemokratiet. Innbyggartorga samordnar ulike tenester som frivilligsentral, bibliotek, servicetorg og folkehelseaktivitetar. Det vil og bli arbeidd for å utvikle ein digital møteplass mellom innbyggarar og kommune.
Innbyggartorget i Skodje er lokalisert i Skodje sentrum.
Vi ønsker at alle tilsette gjennom sitt arbeid kan spegla verdiane «open - engasjert -- modig».
Arbeidsoppgåver
Som konsulent har du eit delansvar for den daglege drifta ved innbyggartorget og skal legge til rette for møter, formidle informasjon og gi rettleiing til innbyggjarar innanfor dei fleste kommunale tenester. Di oppgåve er òg å legge til rette for arrangement, aktivitetar og inkluderande prosessar på tvers av fagområde, private og offentlege aktørar - i nært samarbeid med lokalmiljøet. Arbeidet vil innebere utstrakt bruk av digitale verktøy. Ettersom innbyggartorga er under utvikling vil det kunne skje endringar i arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Kompetanse/erfaring med IKT-verktøy og digitalisering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskapar.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- har erfaring frå tverrfagleg arbeid og arbeid med frivillige
- legg vinn på lagspel og samarbeider godt
- evnar å ha mange «ballar i lufta»
- har kjennskap til kommunal forvaltning og demokratiske prosessar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i en ny og innovativ kommune.
- Arbeid i samskaping med lokalsamfunnet.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Gøril Vikhagen, Avdelingsleiar, 91612942, goril.vikhagen@alesund.kommune.no
Hege Steinsland, Verksemdsleiar, 900 53 221, hege.steinsland@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Nihusvegen 3
6260 Skodje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4270070525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2020
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Innbyggartorget i Skodje
Adresse
Rådhuset, 6025 Ålesund
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. november 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. august 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4270070525_Innbyggartorget i Skodje_webcruiter
Stillingsnummer: a226e816-9ba2-4105-8c4a-a81df528b34c