Sjukepleiar og helsefagarbeidar
Stillingsannonsen er inaktiv.Sunnfjord kommune Skei Omsorgssenter
6800 Førde
Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Skei omsorgssenter består av 3 avdelingar. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.
Korttidsavdelinga vår skal etablerast som rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering , og ein palliativ plass.
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi har følgande stillingar ledige:
- fleksistilling for sjukepleiar, 2x100 % vikariat frå 01.06.2020 - 31.08.2021
- sjukepleiar, 100 % fast
- helsefagarbeidar, 60 % fast
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- andre faggrupper med helsefagleg bakgrunn kan bli vurdert
- gyldig politiattest
- beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Stillingane er i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Skei omsorgssenter har eit fleksi team på 3 årsverk. Fleksi-stilling er ikkje ein del av grunnbemanninga, men skal dekke vikarbehov ved fråvær. Stillingane er eit tiltak for å sikre kontinuitet og fagdekning i eininga. Stillingane vert lagt i turnus.
Som tilsett i fleksiteamet vil du få ein unik moglegheit til å bli kjent med fleire avdelingar. Du vil få god opplæring i dei aktuelle avdelingane.
Vi oppmodar andre med erfaring og interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning blir tilsette i mellombelse stillingar.
Vi søker deg som:
- er fleksibel og likar utfordringar
- taklar å jobbe i ulike avdelingar
- er engasjert og kan jobbe sjølvstendig
- er trygg på eigne avgjerdsler
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er nytenkande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- god og tilstadeverande leiing
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må søke elektronisk.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Wenche Farsund, Mobil +47 41322567, Epost: wenche.farsund@sunnfjord.kommun.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Skei Omsorgssenter
Adresse
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Om stillingen
Antall stillinger
4
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. april 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2495339dep191723_Sunnfjord kommune Skei Omsorgssenter_stepstone
Stillingsnummer: a1af466b-6734-499c-bcb6-77998f3d311f