Helsefagarbeidar i heimetenesta - svangerskapsvikariat 73,04% stilling
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4472254182 Presentasjon av stillingen:
Heimetenesta i Vestre Slidre kommune søkar etter helsefagarbeidar til eit svangerskapsvikariat i 73,04%, med arbeid kvar 3.helg. Det er ynskjeleg med snarleg oppstart, vikariatet varar til 01.12.22
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie og veiledning
- Pasient oppfuljing
- Medikamentadministrasjon
- Kartlegging og oppfuljing
- Journalføring
- Kontakt med pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeider
- Gyldig politiattest må leverast
- Førarkort klasse B og må kunne disponere eigen bil i arbeidet
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å skape framdrift åleine, men og i lag med andre
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Må ha stor arbeidskapasitet
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
Gode forsikrings og pensjonsordningar
Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Andre opplysningar:
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4472254182
Stillingsprosent: 73,04%
Vikar
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 117 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.