Sjukepleiar / spesialsjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4271410517 Presentasjon av stillingen:
Molde sjukehus er akuttsjukehus med traumefunksjon for Nordmøre og Romsdal. Akuttmottaket sine hovedoppgåver er mottak, vurdering og stabilisering av dei fleste øyeblikkelig hjelp innleggingane ved sjukehuset. I tillegg har seksjonen ansvar for døgndrift av skadepoliklinikk for kirurgiske og ortopediske skader, samt legevaktsformidling (telefon) for kommuner i vårt nedslagsområde. Overgrepsmottaket for Romsdal ligg også under denne eininga, og vert drive av eigne sertifiserte sjukepleierar.
Vi har ledig fast 100 % stilling for Spesialsjukepleiar/ sjukepleiar, med oppstart frå snarast
For helsepersonell etter helsepersonelloven krev ein autorisasjon/godkjenning
Den som vert tilsett må beherske norsk for skriftlig og muntlig kommunikasjon
Vi ber tilsette i HMR som kan ha fortrinnsrett til stillinga å opplyse om det i søknaden
Stillinga kan bli tilsett ved interne opprykk. Som følgje av dette kan det bli andre stillingar/vikariat ledig
Oppgi i søknaden dersom du er interessert i andre ledige stillingar/vikariat
Arbeidsoppgåver
- Nytilsette arbeider for det meste med mottak av ø-hjelpspasientar. Det er forventa at alle tilsette følger seksjonen sitt kompetanseløp med tanke på å kunne bemanne dei ulike einingane i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Vi søker fortrinnsvis spesialsjukepleiar / sjukepleiar med erfaring frå akuttmottak eller med anna akuttmedisinsk erfaring. Ein bør minimum ha to års erfaring, men dette er ikkje eit krav
- Videreutdanning i akuttsjukepleie / intensiv / anestesi / operasjon er ønskeleg, men ikkje nødvendig for å kunne søke på stillinga
- Autoriserte sjukepleiarar med annan relevant erfaring kan og søke
- Vi bruker elektronisk pasientjournal, og det er ein føresetnad at du behersker bruk av IT
Personlege eigenskapar
-
Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
-
Vi vektlegg evne til sjølvstendig arbeid samtidig som ein må kunne jobbe godt i team
-
Må kunne jobbe i eit hektisk miljø og bevare roa i utfordrande situasjonar
-
Må tåle høg vaktbelastning inkl. nattevakter
-
Bidra til å bevare eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
-
Løn etter gjeldande overeinskomst
-
Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
-
Eit godt og positivt arbeidsmiljø
-
Dyktige og engasjerte medarbeidarar
-
Fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Seksjonsleiar, +47 71121352 / 93213181, Petter.Rangnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus Parkveien 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4271410517
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal