Pianolærar i 100% vikariat
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Sauda kommune har ledig 100% vikariat i kulturskulen fra og med 01.08.2021 til og med 31.07.2022.
Kulturskulen blei skipa i 1970, og er den 10 eldste kulturskulen i landet. Undervisningslokala våre er i nybygget på Folkets hus, i sentrum av Sauda. Sauda kulturskule har rundt 200 elevar fordelt på musikkfag, dans og kunst. Kulturskulen i Sauda legg stor vekt på samarbeid mellom kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgaver
Pianoundervisning til kulturskulens elevar
Individuelle elevar har 45 minutt undervisning kvar veke, og følgjer skuleruta for grunnskulane i Sauda.
Kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning eller annan relevant kompetanse
Det er ein fordel at søkjer har kompetanse på song, men ikkje eit krav for søknaden.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
Gode pedagogiske evner
Evne og vilje til å undervise i alle sjangrar
Evne til å arbeide sjølvstendig, men det blir og vektlagt at du trives i samarbeid med andre og kan bidra til at konsertar/framvisningar blir gjennomført på ein god måte.
Evne til å vera fleksibel og løysningsorientert
Evne til å setje tydelege grenser og byggje gode relasjonar
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Me kan tilby
Flotte undervisningslokalar i nybygget på Folkets Hus
Ein spanande og variert jobb
Eit kreativt og inkluderandre arbeidsmiljø
Pensjonsordning i KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendes Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 09 / 52 78 62 03.
Velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Eli-Jorun Tangeraas, Mobil +47 97039737, Epost: eli-jorun.tangeras@sauda.kommune.no
Om bedriften
Kulturskulen blei skipa i 1970, og er den 10 eldste kulturskulen i landet. Undervisningslokala våre er i nybygget på Folkets hus, i sentrum av Sauda.
Sauda kulturskule har rundt 200 elevar fordelt på musikkfag, dans og kunst.