Årsengasjement som sakshandsamar/kontorstøtte i eigedom
Org. nr: 99999 Stillingsident: 4160219182 Presentasjon av stillingen:
Kystverket har mange eigedomar og eigedomsforhold langs norskekysten. Kystverket sitt Senter for eigedom og kultur har ansvar for utføring av oppgåver, rådgjeving og rettleiing knytta til etaten sin eigedomsforvaltning. I samband med overføring av statlege fiskerihamner til fylkeskommunene frå 1. januar 2020 og anna avhendingsarbeid av ikkje-næringsaktive fiskerihamner, er det ledig ei engasjementstilling som førstekonsulent ved avdelinga i perioden 1.januar 2020 til 31. desember 2020. Stillinga er for tida ved Kystverket sitt regionkontor i Arendal.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til sal og avhending av eigedom
- Arbeid knytt til overføring av dei statlege fiskerihamnane til fylkeskommunane
- Kontorstøtte og sakshandsaming knytt til eigedomssakar
- Arbeid knytt til opprydding og strukturering av Kystverket si eigedomsportefølje
- Arbeid med datahandsaming i Excel og databasesystem (SQL)
- Arkiv- og digitaliseringsarbeid
- Registrerings- og kvalitetssikringsarbeid
- Andre oppgåver kan tilleggast stillinga
Kvalifikasjonar
- Minimum 2 årig høgere utdanning i juridiske fag, innan eigedomsfag, it-fag, arkivfag eller kontorfag.
- Erfaring frå arbeid med grunneigedomer, salsarbeid knytta til eigedom, datahandsaming i Excel, databaser e,l, vil vektleggast. Nyutdanna vil også bli vurdert.
- Gode kunnskaper i norsk munnleg og skriftleg
- God kunnskap i bruk av Excel og noko kunnskap om databaser / SQL er naudsynt. God kunnskap om bruk av Word, E-phorte/Elements er ein fordel
- Relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og strukturert.
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Varierte og utfordrande oppgåver
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga vert lønna som 1408 førstekonsulent, ltr 52-58. frå brutto kr 464 000 til brutto kr 513 600.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta.
Til orientering
Det kan vere interne søkjarar til stillinga
Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.
Kontaktinformasjon
Christian Tallberg, fung. avdelingsleiar, 92412645, christian.tallberg@kystverket.no
Arbeidsstad
Kystveien 30
4841 Arendal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4160219182
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 18.12.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.