ID 605 Helserådgjevar 80 % fast stilling 2. gongs utlysing
Føremål med stillinga er:
Saman med etatssjef iverksetja målsetjingane for organisasjonen gjennom:
- Arbeid med budsjett og handlingsprogram, samt oppfølging av politiske vedtak.
- Planarbeid og oversikt over internkontroll.
- Delta i beredskapsarbeid.
- Utøva eit godt medarbeidarskap i samsvar med gjeldande retningslinjer gjevne av kommunen og avtaleverket elles.
Særskilte oppgåver lagt til stillinga, m.a :
- Søkje om statlege tilskotsmidlar til prosjekt som går på styrking og prioriterte område i drifta
- Ansvar for søknad, prosjektrekneskap og rapportering.
- Følgje opp folkehelsearbeid.
- Ansvar for KOSTRA rapportering på sektoren.
- Følgje opp andre kartleggingar og rapporteringar ( meiner at vi ikkje treng vera så detaljerte).
- Fagråd Legevakt.
- Områdemøte Sunnhordland.
Krav til kvalifikasjonar:
Helsefagleg utdanning på minimum Bachelor nivå.
Innsikt i kommunal forvaltning og lovverk på helse- og omsorgssektoren.
Gjerne vidareutdanning innan leiing eller anna fagområde på
helse- og omsorgsfeltet.
Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande stilling.
Personlege eigenskapar: Sjølvstendig, ansvarleg, effektiv, gode samarbeidsevner.
Fitjar kommune tilbyr:
Ein spanande og utfordrande jobb.
Eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktperson:
Etatsjef for helse, sosial og omsorg, Anne Økland, tlf. nr. 909 86 971.
Søknadsfrist: 12.07.20
Om bedriften
Fitjar kommune er inne i ein spanande omstillingsfase innan helse- og omsorgstenestene. Ein søkjer å rigge tenestene for framtida, og vil styrke vårt strategiske arbeid. Vår erfarne helserådgjevar går av med pensjon, og kommunen ynskjer no å rekruttera ny medarbeidar i ei tid med ekstra stort trykk på helsesektoren grunna pandemiutvikling.
Stillinga er i etatsjef for helse- og omsorg sin stab, og har ass. funksjon for etatsjef ved denne sitt fråvær. Stillinga deltek i etatssjefen sitt leiarteam, og er sideordna med einingsleiarar.