Brannkonstabel
Gulen og Masfjorden brann og redning er organisert med 7 stasjonar og ca. 70 deltidsmannskap.
Stasjonane er plasserte i Duesund, Sandnes, Matre, Eivindvik, Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Stillingane utgjer omlag 1,5%, og godtgjering for utrykning følgjer av SFS2404 Brann- og redningsteneste. Med bakgrunn i beredskap er det eit krav at tilsette er busett i kommunane Gulen eller Masfjorden.
Kriterier som vert vektlagt
- Arbeidsstad og/eller bustad i nærleiken av brannstasjonen
- Utdanning som brannkonstabel
- Gode samarbeidsevner
- Førarkort klasse C
- Utrykkingssertifikat (kode 160)
- Utdanning/erfaring frå helsefag, ambulansefag eller liknande
- Anna relevant utdanning/erfaring
Send søknad elektronisk via heimesida
Er du ny søkjar må du opprette brukarnamn og passord.
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg nord i Hordaland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Modalen og Lindås i Hordaland fylke.Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.