Helsesjukepleiar 100% fast stilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Ved helsestasjonstenesta i Kvinnherad er det ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå 01.08.21.
Kvinnherad kommune har dei siste åra hatt fokus på styrking av skulehelsetenesta. Det har vore ei målsetting å auke opp helsesjukepleiarbemanning på alle skular i kommunen. Ei viktig målsetting med prosjektet er å ha fokus på psykisk og fysisk miljø og bidra til eit godt læringsmiljø for elevane. I tillegg er det viktig å oppretthalde fokuset på tidleg innsats i borna sine første leveår.
Ved helsestasjonstenesta i Kvinnherad er det for tida 8 helsesjukepleiarstillingar, i tillegg 2,2 jordmorstillingar knytt til helsestasjonen.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga vil være nært knytt til "Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og førebyggande arbeidet i helsestasjonen, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom":
- Førebyggjande og helsefremmande arbeid mot barn og unge som omfattar helsestasjon for barn 0-5 år, skulehelseteneste i grunnskular, vidaregåande skule og helsestasjon for ungdom
- Heimebesøk
- Råd og rettleiing til foreldre
- Gruppetilbod
- Vaksinasjonar
- Delta i ansvarsgrupper
- Tverrfagleg samarbeid med skular og andre hjelpeinstansar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter medarbeidar med helsesjukepleiarutdanning eller sjukepleiar med erfaring frå helsesjukepleiararbeid. Det blir lagt vekt på relevant erfaring og personlege eigenskaper som samarbeidsevne, at ein kan arbeide sjølvstendig og at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom.
Personlege eigenskaper
Det blir lagt vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar som;
- At ein kan arbeide sjølvstendig og at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom.
- Gode norskkunnskapar og god på kommunikasjon
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til fleksbilitet og endringsvilje og kunne takle uforutsette situasjonar
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om gyldig politiattest.
Vi tilbyr
Faglege utfordringar i eit hyggeleg arbeidsmiljø.
Ei utfordrande og sjølvstendig stilling.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.