Kommunikasjonsrådgjevar
Vi har ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i kommunikasjonsstaben i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Vår jobb er å bidra til å løyse tilsynets samfunnsoppdrag, som er å sikre eit trygt og ansvarleg speltilbod i Noreg og å skape tryggleik og tillit til stiftelsesforma.
Du vil bli ein av tre tilsette i kommunikasjonsstaben.
Arbeidsoppgåver
- mediekontakt
- innhaldsproduksjon på nett
- utviklingsarbeid
- analyse og kunnskapsformidling
- klarspråkarbeid
- brukarundersøkingar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor- eller masternivå i enten journalistikk, kommunikasjon, marknadsføring, samfunnsvitenskap eller liknande.
- Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre.
- Du er komfortabel i møte med media, engasjert i godt språk og i ny teknologi.
- Du beherskar sosiale medium og andre digitale flater og verktøy.
- Du er nysgjerrig og følgjer med på korleis verda endrar seg for å kunne tilpasse det vi gjer på ein god måte.
Vi tilbyr
- tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
- positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
- medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
- fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- Moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
- IA-bedrift
- lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet
Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør, 992 84 302, amh@lottstift.no
Bjørn Leirdal, seniorrådgjevar, 992 84 350, ble@lottstift.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Lotteri- og stiftelsestilsynet
Referansenummer:4023048597
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.03.2019
Om bedriften
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktige samfunnsoppdrag.
- Lotteritilsynets hovudmål er å sikre eit trygt og ansvarleg speltilbod i Norge og å forebygge og beskytte mot speleproblem. Lotteritilsynet skal også fordele momskompensasjon til frivillig aktivitet og arbeide mot kampfiksing.
- Stiftelsestilsynets hovudmål er å trygge stiftelsesforma gjennom tilsyn og kontroll av norske stiftelsar.
Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no