Barnehagelærar - 100% vikarstilling
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4163713413 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100% vikarstilling som barnehagelærar i Hovdebygda barnehage for perioden 01.01.2020 - 31.07.2020.
Barnehagen ligg sentralt i Hovdebygda og med ei lita utviding av barnegruppa har vi no 68 plassar for barn i alderen 0-6 år, har kort veg til skog og mark og ser på på utemiljøet som ein viktig arena for leik og læring og legg vekt på å vere mykje ute.
Arbeidsoppgåver
I hovedsak arbeide i barnehagen si småbarnsone (barn i alderen 0-3 år)
Legge til rette for gode leike- og utviklingsmiljø for borna
Arbeide for eit godt samarbeid med barn, tilsette og føresette
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehage-/førskulelærarutdanning. Relevant praksis kan erstatte formell kompetanseGode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
Kommunen nyttar nynorsk som målform
Gyldig politiattest etter Barnehagelova §19 må leverast før tiltreding
Personlege eigenskapar
Evne til å samarbeide godt med barn, tilsette og føresette
Vere ein god rollemodell og like å vere aktiv i lag med borna både inne og ute
Vere sjølvstendig, løysingsorientert, strukturert og fleksibel
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Meiningsfylt arbeid for deg som likar å arbeide i barnehage
Godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling der borna står i sentrum
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
Stillinga er plassert i Kap. 4 GR.2. Stk. 6709 - Barnehagelærar ved godkjent utdanning.
Tilsetjing i samsvar med gjeldande forskrift, lov og avtaleverk
Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan vert kalla inn til intervju
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Einar Magne Moe, Styrar/einingsleiar, 480 05745, hovdebygda@orstabarnehagen.no
Arbeidsstad
Skulevegen 16
6160 Hovdebygda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4163713413
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2020
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 10.12.2019
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap