Off. godkjent vernepleiar 100 % fast
Org. nr: - Stillingsident: 4283268977 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune er det frå d.d. ledig ei 100% fast stilling for off. godkjent vernepleiar. Stillinga er f.t. plassert i seksjon helse- og velferdstenester, Bu og habilitering -Bakk-Ola-marka. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med store funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim.
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med seksjonen/kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Arbeidsoppgåver
- leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremjer ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
- sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent vernepleiar
- Det er ein fordel om du har førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- At du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar iKLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar om krav om høgskuleutdanning
Stillingkode 6455 Vernepleiar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Sandvik, Einingsleiar, 48110264, laila.sandvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Anders Hovdengate 27
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4283268977
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap