Fagarbeidar ved Askvoll skule
Org.nr.: NO 964968330 MVA Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Askvoll skule har frå 01.08.2020 ledig 40% fast stilling som fagarbeidar. Arbeidsområdet vil vere i skulen og i skulefritidsordninga.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag, men anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid
Personlege eigenskapar:
- har godt samspel med barn og vaksne
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør
Vi tilbyr
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- gode pensjonsordningar
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Dersom det ikkje melder seg søkjar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid kan det bli aktuelt å tilsetje assistent mellombels for skuleåret. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Oddgunn Keilegavlen Grane, Tlf: +47 57733302, Mobil +47 97505028, Epost: oddgunn.keilegavlen.grane@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 180 elevar og i underkant av 40 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. Askvoll skule har vore gjennom ei omfattande fornying av bygningsmassen. Skulen deltek i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" og har spesielt fokus på læringsmiljøet.