Lege i spesialisering - radiologi
Org. nr: - Stillingsident: 4388377067 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund er plassert i Klinikk for Diagnostikk. Det er planlagt bygging av nytt sjukehus (SNR) for Nordmøre og Romsdal i løpet av dei nærmaste åra. Molde sjukehus har eit inkluderande og aktivt LiS-miljø, både i avdelinga og på sjukehuset.
Vi har ledig to stillingar for LIS ved radiologisk avdeling, ei fast stilling ledig frå 1. juli 2021, og eit vikariat i perioden 1. august 2021 til 1. april 2022.. Vi ber om at attester/vitnemål blir lasta opp som tillegg til CV
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og også eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevenleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg mellom anna med ny sjøfront, og fleire spennande kafear og restaurantar Sjå litt av det byen kan by på her: https://www.visitnorthwest.no/molde/
Arbeidsoppgåver
Som LIS i radiologi i Molde vil du få arbeide med eit breitt utvalg av radiologiske undersøkingar.
Som fersk LIS er arbeidsoppgåvene først og fremst innan CT, ultralyd og konvensjonell røntgen, etter kvart intervensjon av forskjellig art, og også MR.
Vi har et utstrakt samarbeid med kliniske avdelingar. Avdelinga dekkjer Molde og Kristiansund, med tilstadesvakt i Molde. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modaliteter.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanning
Kvalifikasjonar
- Tidligare erfaring frå radiologi er ein fordel, særleg for fast stilling.
- Det er ein fordel med gjennomført norsk LIS1.
- Du må snakke og skrive eit skandinavisk språk.
Personlege eigenskapar
- Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståelse og ha gode samarbeidsevner
- Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, radiografar og andre faggrupper.
- Ein bør være lærevillig og fagleg interessert.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Martin Grotnes, Seksjonsleiar, 71122395
Arbeidsstad
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4388377067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal