ID 1807 Helsefagarbeidar - Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har i dag 103 pasientar fordelt på 6 avdelingar og skal utvida ytterlegare dei neste åra. Ledig stilling er på avdeling Vikjo. Vikjo er ein avdeling med 18 plasssar, lagt til rette for sjukeheimspasientar som og kan ha psykiske lidingar og/eller rusrelatert sjukdom.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Det er ledig fast stilling som helsefagarbeidar i 80 -- 100% stilling frå 28.02.22. Stillinga er i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre eller personar med psykiske lidingar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marit Hetlesæter, tlf 53 40 44 75 eller 53 45 43 62, og einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.