Lærar
60% vikarstilling ved Åmot skule - vaksenopplæringa frå snarast til 31.07.22 - ID 1935
Søknadsfrist: 26.09.21
Vinje vaksenopplæring har for tida 27 elevar frå mange ulike stader i verda.
Vinje kommune har lang historie som ein god integreringsarena. Vaksenopplæringa i kommunen held til på Åmot skule. Me søkjer no ein dyktig norsklærar for å styrke undervisningskompetansen hos oss.
++Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:++
Formelle krav i norskfaget må vere på plass (kompetanse for undervisning i norsk/samfunnsfag i ungdomsskulen). Det er eit sterkt ynskje om at søkjaren òg har kjennskap til integreringslova eller har interesse for integrering som fagfelt.
Me legg vekt på erfaring med opplæring av vaksne og oppmodar rutinerte pedagogar til å søkje stillinga.
Stillinga kan munne ut i fast jobb etter kvart.
++Me kan tilby:++
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
- Gode barnehagetilbod
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved André Johannessen, tlf. 410 44 168 -- leiar for vaksenopplæringa eller Halvor Otterholt, tlf. 957 45 092 -- avdelingsleiar for vaksenopplæringa.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema. Skjema finn du her
Velkomen som søkjar hjå oss.