Sjukepleiar/ Vernepleiar til 46 % fast stilling på natt
Stillingsannonsen er inaktiv.Avdeling for rusmedisin, AFR Tertnes
Tertnesveien 35 D, 5113 Tertnes
Org. nr: - Stillingsident: 4097708832 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin, og vart etablert som ein ny del av tilbodet våren 2011.
Seksjon Tertnes består av 3 sengepostar og eit ambulant team knytta til ei av sengepostane. Sengepost 1 har 6 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Målsetjinga med opphaldet er avrusing, stabilisering og motivering til friveleg behandling etter avslutta tvangsopphald. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår. Sengepost 2 har 6 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling for rusmiddelavhengige kvinner. Sengepost 3, Familieambulatoriet, er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit. Posten har 2 heildøgns sengeplassar, derav 1 brukarstyrt seng. Familieambulatoriet har også ambulant oppfølging av familiar fram til barnet når skulealder.
Som tilsett ved Seksjon Tertnes er du ein del av det tverrfaglege teamet rundt pasienten. Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med klientar/pasientar som har rusproblem og/eller psykiatrisk diagnose.
Seksjon Tertnes har no ledig fast stilling på 46 % som sjukepleiar/vernepleiar, pt. på natt og med arbeid kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Behandling og ivaretaking av pasientar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
- Medikamenthandtering
- Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vere sjølvstendig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
- Vere tolmodig
- Trivast med å arbeide på natt
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- Ha evne til å sjå pasientane sine behov
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Kristian Toppe Aarlie, Leiar, 94811819
Arbeidsstad
Tertnesveien 35 D
5113 Tertnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4097708832
Stillingsprosent: 46%
Startdato: 19.08.2019
Søknadsfrist: 23.06.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin, AFR Tertnes
Adresse
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
19. august 2019
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4097708832_Avdeling for rusmedisin, AFR Tertnes_webcruiter
Stillingsnummer: 9ee64e80-0f05-40e7-814f-bb24fdb0d6a3