Indre Ryfylke PPT har ledig 50% vikarstilling som PP-rådgjevar.
Suldal Kommune
Eidsvegen 3, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- PP-rådgjevar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Me har ledig 50% vikariat som pedagogisk psykologisk rådgjevar ved Indre Ryfylke PPT. Vikariatet gjeld fom 01.08.26 tom 31.07.28. Stillinga har oppmøtestad i både Suldal og Sauda.
Om ossIndre Ryfylke PPT er ei interkommunal teneste der Suldal er vertskommune for Sauda. Tenesta har kontor i begge kommunane. PPT har fast nærvær i barnehage og skule for å vera tett på med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid. Me bidreg til kompetanseheving og utvikling i oppvekstsektoren og gir rettleiing til barnehagar og skular på system- og individnivå. Tenesta utarbeider sakkunnig vurdering der lova krev det.
Tenesta arbeider etter strategi for inkluderande fellesskap for barnehage og skule i tråd med Meld St.6 «Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO». PP-tenesta i Indre Ryfylke har fokus på at alle barn og unge skal oppleva inkludering og meistring. Me ønsker å vera ei teneste som er tett på barnehagar og skular, og saman med dei skapa eit godt og trygt læringsmiljø for alle.
Suldal og Sauda er BTl-kommunar som inneber betre samhandling mellom tverrfagleg tenester der PPT er ein del av laget rundt barnet. I tillegg er PPT del av Utdanningsdirektoratet sitt kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I tenesta vert det stilt høge krav om sjølvstendig arbeid og samhandlingskompetanse både internt i eininga og i praksisfeltet.
Kven søkjer me?-
Andre oppgåver i tråd med PP-tenesta sitt mandat
-
Kva kan me tilby:
Eit godt arbeidsmiljø: Bli ein del av eit støttande og kreativt team med høg fagleg kompetanse. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag -
Konkurransedyktige vilkår: Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for heimekontor i tråd med retningslinje til kommunen. Me støttar di faglege og personlege vekst med mellom anna fagutvikling kurs, fagdagar og nettverk. Sjå: Me kan tilby - Suldal kommune heimeside
Om bedriften
Suldal kommune Indre ryfylke PPT
Indre Ryfylke PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom Sauda og Suldal der Suldal er vertskommune. Tenesta har 6,5 årsverk og kontor i både Suldal og Sauda.
PP-tenesta i Indre Ryfylke har fokus på at alle barn og unge skal oppleva inkludering og meistring. Me ønsker å vera ei teneste som er tett på barnehagar og skular, og saman med dei skapa eit godt og trygt læringsmiljø for alle.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ee13eee-9f31-42c7-b651-5586a89b5b30
- Sist endret
23. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
462390318