Miljøarbeidar - fast
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
5412 Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar - fast
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Stord vgs har ledig fast stilling som miljøarbeidar i inntil 80% stilling, for tida knytt til tilrettelagt opplæring. Deler av stillinga vil vera knytt til einskildelev som mottek heimeundervisning.Arbeidsoppgåver
- Bidra til god utvikling for elevane.
- Ivareta elevane sine ulike behov i samband med særskilt tilrettelagt opplæring i avdeling og eventuelt tilpassa opplæring i ordinære klassar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar evt anna relevant utdanning
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe i team saman med pedagogar og andre miljøarbeidarar
- Kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel og taklar endringar i dagen
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Mona Ulgenes, avdelingsleiar, 93499806Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4967116292
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Mona Ulgenes
avdelingsleiar
93499806
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2939237
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f2069a12c2e64a63bb1b05bc4264fe7c