Erfaring frå arbeid med flyktningar eller fleirkulturelle?
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi søkjer no etter ein ny flyktningkonsulent i ei mellombels stilling i 1 år frå august 2020. Fjaler kommune har busett over 60 flyktningar sidan 2015, og skal etter planen busetje fleire i 2020. For tida er det 1 fast og 1 mellombels stilling i flyktningtenesta, og kommunalsjef oppvekst er næraste overordna.
Som flyktningskonsulent hos oss, vil du i tett samarbeid med flyktningkoordinatoren ha både praktiske og administrative oppgåver. Dette gjeld i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing av dei som allereie er busett i kommunen. Du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringarbeid.
Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
- Praktisk arbeid i samband med busetjing
- Rettleiing på personleg økonomi og bustad
- Oppfølging fritid barn og unge
- Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
- Sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV
- Noko arbeid på kveldstid i samband med busetting kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Erfaring frå arbeid med flyktningar eller fleirkulturelle er ein føremon
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Interesse for integreringsarbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide løysingsorientert og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ingvard Flekke, Tlf: +47 57738056, Mobil +47 91880274, Epost: Ingvard.Flekke@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.