Rådgivar - bibliotek
Vi søker etter rådgivar bibliotek
Brenn du for bibliotek? Ver med å utvikle skule- og folkebiblioteka i Møre og Romsdal!
Seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) er eit ungt kollegium med ein gjeng dyktige og engasjerte folk. Vi er seks tilsette og seksjonen er ein pådrivar for regional bibliotekutvikling, nyskaping og god samhandling i ABM- feltet. No ønskjer vi oss ein ny, dyktig medarbeidar på laget.
Vi har vedtatt å vere Berekraftsfylke, og FNs berekraftsmål skal ligge til grunn for utviklinga av Møre og Romsdal. Dette er eit viktig premiss for utviklingsarbeidet vi driv i seksjon for ABM. Vi arbeider etter Fagplan bibliotek 2017 - 2024. Måla er å skape fleire og betre lesarar, bidra til livslang læring, fremje likeverd, fellesskap og folkehelse - og bidra til ei berekraftig utvikling av samfunnet.
For å klare det, deltek vi blant anna i nasjonale og regionale prosjekt, vi arbeider med kompetansehevande tiltak og rådgiving. Vi rådgir om biblioteklokale og samlingsutvikling, planarbeid, digital utvikling og står for felles bibliotektenester og avtalar.
Vi samarbeider tett med alle biblioteka i Møre og Romsdal og med fylker i heile landet.
Stillinga vil ha hovudfokus på folkebibliotek og skulebibliotek i vidaregåande skule, statistikk og analyse og frivilligheit. Rådgivaren må vere førebudd på å løyse andre oppgåver som følgje av omprioriteringar og endringar i seksjonen.
Du får jobbe med
- Fagansvar for skulebiblioteka i vidaregåande skule
- Fagansvar for bibliotekstatistikk og -analyse
- Rådgiving og rettleiing om drift og utvikling av bibliotek
- Rådgiving om kunnskapsorganisering
- Prosjektleiing og prosjektarbeid
- Delta i utarbeiding av kompetansehevande kurs for bibliotektilsette
- Seksjonens kontaktperson for kommunikasjon
- Ansvar for å følgje opp seksjonen sine nettsider
- Felles oppgåver og prosjekt i seksjonen og elles i fylkeskommunen
- Tverrfaglig arbeid
- Frivilligheit
- Spelformidling
Vi søker deg som har
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Bibliotek- og informasjonsvitenskap i fagkretsen
- Erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort, kl. B.
Det er ønskeleg at du:
- Har erfaring frå bibliotek, gjerne fylkesbibliotek og/eller skulebibliotek
- Har erfaring med, og kunnskap om, spelformidling
- Har erfaring med digital samhandling
- Har god evne til formidling og kommunikasjon med ulike fagmiljø.
- Har tverrfagleg kompetanse og evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt
- Er strukturert og kan halde deg til fristar
- Er løysingsorientert og har gjennomføringsevne
- Er i stand til å stå i krevjande situasjonar, og har ein omgjengeleg åtferd
Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Introduksjonsprogram
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Stillinga er plassert i kulturavdelinga med arbeidsstad Ålesund.
Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar.
Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kunst- og kulturformidling, folkehelse, idrett og friluftsliv, kulturmiljøforvalting, regionale bibliotektenester, frivillig sektor og kreativ og kulturell næring. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet er hovudutval for sektoren. Avdelinga driftar Eldrerådet og Råd for personar med nedsett funksjonsevne. Avdelinga har totalt 43 årsverk, kontorstader i Ålesund, Molde og Kristiansund, og eit bruttobudsjett på om lag 250 millionar kroner.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i samsvar med gjeldande lover, avtalar og reglement.
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. Offentleghetslova § 25.2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.