Undervisningsinspektør - Bjerkreim skule
Ledig fast stilling
Det er ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør ved Bjerkreim skule frå 01.08.2020, tiltredelse snarest.
60 % administrativt og 40 % undervisning
Vi søkjer
Ein skuleleiar som er utviklingsorientert, tydeleg, forutsigbar, synleg og med evne til å:
- bygga vidare på skulen sin kultur, visjon og verdisyn og vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon
- inspirera og samarbeida med personal, elevar og føresette om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- sjå og interessera seg for enkeltmenneske, samt inneha gode kommunikasjonsevner
- arbeida strukturert og effektivt med driftsoppgåver
- bidra i pedagogisk utviklingsarbeid ut frå skulen sitt behov og i tråd med nasjonale føringar
- delta i utvikling av ein skule der digital kompetanse og bruk av digitale verktøy bidrar til å fremma læring
Krav til kompetanse
Søkar må ha godkjent pedagogisk utdanning. Det er ønskeleg med leiarerfaring/leiarutdanning.
Bjerkreim kommune kan tilby
- Løn etter avtale
- Eit positivt og utviklingsretta arbeidsmiljø og godt samarbeid med andre avdelingar
- Tilbod om rettleiing, kurs og etterutdanning
- Utfordrande stilling med gode moglegheiter for vidareutvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
Vilkår
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Attestar og vitnemål tek ein med til et eventuelt intervju
Politiattest
Politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga
Søknad kan sendast
Vi oppfordrar til å søka elektronisk via komunnen sitt rekrutteringssystem. Det er viktig at du registrerer kompetansen din. Om du treng hjelp med registrering av søknad, kontakt serviceavdelinga vår. Vi ber om at søknad ikkje blir sendt som e-post.
Bjerkreim kommune tlf.: 51 20 11 00
Vi gjer merksam på
Hovudregelen i offentleglova er at søkjarane til ledige stillingar skal være offentlige jf. §25. Skulle du likevel ha eit ynskje om at din søknad skal unntkast offentlegheita må dette grunngjevast i søknaden.
Søknadsfrist 09.08.2020 Vårref389/2020
Kontaktperson
Karen Monge Ollestad, Påtroppande rektor, tlf: 51459383, mobil: 46795385
Om bedriften
Bjerkreim skule er ein 1-7 skule med ca 120 elevar. Skulen er i kontinuerleg utvikling, med ein positiv elevmasse. Skulen sin utviklingsplan viser satsing på relasjonell og tydeleg klasseleiing. Vi arbeid for eit godt læringsmiljø, fagfornying og digitalisering som bidreg til auka læringsutbytte. Elevane frå 4.-7.trinn har kvar sin Chromebook, og 1.-3.trinn har klassesett. Det legges stor vekt på tverrfaglig samarbeid. Kollegiet tek godt vare på kvarandre og har ein god omgangstone og delekultur.. Søk på stilling på Bjerkreim skule - skulen der unge, kloke menneske vert utvikla!