Sommarjobb på Drevjamoen
Stillingsannonsen er inaktiv.Forsvarsbygg
Drevjamoen leir, 8664 Mosjøen
Org. nr: - Stillingsident: 4227081493 Presentasjon av stillingen:
Forsvarsbygg eigedomsforvaltning region midt søker etter ein sommarvikar til Drevjamoen leir i skuleferien 2020.
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til drift og vedlikehald som maling, gartnerarbeid og anna forefallande arbeid.
I søknaden vil vi at du skal gjere greie for kva for ei periode du ønsker å jobbe i.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil primært vere malearbeid/gartnerarbeid.
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter deg som jobbar sjølvstendig og effektivt
- Du må vere fylt 16 år
- Du må kunne tryggingsklarerast
Personlege eigenskapar
- God til å samarbeide
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr.240 240 - 319 000 i brutto årleg lønn i følge Statleg lønsregulativ
Kontaktinformasjon
Kjetil Sandø, Serviceleiar, 917 85 419
Arbeidsstad
Drevjamoen leir
8664 Drevja
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Forsvarsbygg
Referansenr.:4227081493
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 10.05.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Adresse
Utsiravegen 4, 7045 Trondheim
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.
Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.
<<Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.>>
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. mai 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4227081493_Forsvarsbygg_webcruiter
Stillingsnummer: 9df5d7a9-c6b1-4eb8-8fa4-c402d42ac688