Vil du hjelpe menneske ut i jobb?
Org. nr: - Stillingsident: 4381345158 Presentasjon av stillingen:
Trivst du med å finne gode løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand. Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Blir du motivert av å sjå andre løyse sine utfordringar og lykkast med sine planar i eige liv? Er du ein god person å ha med seg i denne prosessen? Då kan du vera kollegaen me ynskjer oss.
NAV Kvinnherad er ein del av NAV region Sunnhordland. Me er 23 tilsette i NAV Kvinnherad, både på statlege og kommunale vilkår. Denne stillinga er statleg.
Som følge av auka arbeidsmengde knytt til Koronasituasjonen har me trong for å styrke kontoret med ein midlertidig stilling til 31.12.21. Me tilbyr spanande oppgåver og moglegheit til å vera med å utvikle kontoret.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av ulike brukargrupper som treng bistand frå NAV
- Kontakt med samarbeidspartnarar til dømes behandlarar, spesialisthelseteneste, arbeidsgivarar og tiltaksarrangørar
- Vere med å utvikle NAV Kvinnherad sine prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning tilsvarande bachelorgrad, helst innafor samfunnsfag, sosialfag, pedagogikk, HR/personal eller rettleiing. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- god formidlingsevne
- god digital kompetanse
Det er ynskjeleg at du har:
- rettleiingskompetanse
- røynsle frå endrings- og motivasjonsarbeid
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har evne til å motivere og engasjere
- har røynsle med å jobbe sjølvstendig
- er ein relasjonsbyggjar
- har god gjennomføringsevne og er resultatorientert
- er tydeleg, løysingsorientert og har gode samhandlingsevner
- er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
- tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Ein spannande og utfordrande jobb
- Gode høve til personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga er løna som rådgjevar 1434, lønn frå kr. 466.500 til kr. 490.600 pr. år
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Hanne Dale, Leiar, 93649008, Hanne.Dale@nav.no
Arbeidssted
Sentrumsvegen 15
5460 Husnes
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4381345158
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.05.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 10.05.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling