Einingsleiar/styrar Bokn barnehage
Me har ei spennande stilling ledig som eningsleiar/styrar i vår barnehage.
Vil du vere med å vidareutvikle barnehagen vår? Me gir deg mogeligheita!
Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har 3 avdelingar med til saman omlag 35 born, og 12 tilsette.
Me søkjer etter ein styrar som har ambisjonar på borna sine vegne med fokus på det enkelte born sin trivsel og utvikling. Vår nye styrar har gode samarbeidsevner og framstår som ein tydeleg og samlande leiar, og er god til å leie eit personale mot felles mål. Barnehagen har ansatte med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lång erfaring og brei kompetanse.
Barnehagen er med i nettverk saman med andre kommunar, og deltek jamleg på leiarnettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være sammen". Barnehagen ligg med kort veg til ulike naturområder, og tenkjer natur og miljø i det daglege.
Som barnehagestyrar ser me det som særleg viktig at du er engasjert og fagleg dyktig, med relevant
erfaring frå barnehagesektoren. Du er tydeleg, raus og samlande med klare visjonar for barnehagen si utvikling. Du har evne til å setje definerte mål og arbeide strategisk for å nå desse. Du er strukturert og utviklingsorienter og er god på å drive team- og organisasjonsutvikling.
Du har gode relasjonsferdigheter og eit romsleg menneskesyn, og er levande engasjert for det enkelte born si utvikling og trivsel. Du er omgjengeleg og med eit godt humør, og har evne til å skape tillit og bevare roen i ein hektisk kvardag.
Som styrar vil du mellom anna samarbeide tett med kommunalsjefen, delta i ulike nettverk og ha ei viktig rolle inn i oppvekstsektoren i kommunen.
Personlege eigenskapar og styrarutdanning og/eller leiarerfaring vil vektleggas i utveljinga.
Dersom du ikkje har styrarutdanning må du vere villig til å ta dette.
- Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar.
- Ønskeleg med tilleggsutdanning og/eller erfaring i forhold til pedagogisk leiing.
- God forståing for økonomi og IKT.
- Framifrå kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivere.
- Konkurransedyktige føresetnadar.
- Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer.
- Stor påverknadskraft og ei sjølvstendig rolle.
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i offentlig pensjonsordning.
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem
ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Om bedriften
Bokn er ein øy-kommune med om lag 1000 innbyggjarar. I tillegg er det ein populær destinasjon for friluftsliv og hytteturisme. Kommunen ligg midt i ei ferdselsåre mellom Nord- og Sør-Rogaland, med kort avstand frå Haugesund og Karmøy, og ein liten time til Stavanger.