Tilkallingsvikarar
Org. nr: - Stillingsident: 4432150740 Presentasjon av stillingen:
Buteneste Midtre har behov for tilkallingsvikarar både ved Hatlasvingen 43-45, Hatlasvingen 47-51 og Kyrkjehaugen. Arbeid i bustad som gir heildøgns omsorg til menneske med funksjonsnedsettingar. Tilkallingsvikariat med varierande stillingsprosentar. Aktuelle kandidater blir kalla inn til samtale fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid, praktisk bistand og pleie- og omsorgsarbeid i bustadar som gir heildøgnsomsorg til menneske med funksjonsnedsettingar.
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med menneske.
Kvalifikasjonar
- Miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøarbeidarar og assistentar/pleiemedarbeidarar.
- Søkarar må vere fylt 18 år.
- Har du inga erfaring frå lignande arbeid, så gir vi god opplæring.
- Førarkort kl. B.
- Krav om politiattest.
- Meistre norsk godt, både skiftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Medarbeidarar som kan stille seg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
Vi tilbyr
- God opplæring i eit godt fagmiljø.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
Contacts
Raina Vorren, Avdelingsleiar ved Hatlasvingen 47-51, 948 87 807, raina.vorren@alesund.kommune.no
Fride Halkjelsvik, Avdelingsleiar ved Kyrkjehaugen, 971 01 249, fride.halkjelsvik@alesund.kommune.no
Sverre Kristian Sivertsen Helland, Avdelingsleiar ved Hatlasvingen 43-45, 975 90 646, Sverre.K.Helland@alesund.kommune.no
Location
Borgundvegen 212
6008 Ålesund
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Ålesund kommune
Reference number:4432150740
Percentage of full-time: 0%
Vikar
Application deadline: 24.10.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.