Elon Sandane (SUS) er på jakt etter Dagleg Leiar
Arbeidsgiver: Elon Sandane (SUS)
Stillingstittel: Dagleg Leiar
Frist: Søknadar behandlast fortløpande
Ansettelsesform: Sjølvstendig næringsdrivande
Vi ønskjer å etablere ein splitter ny Elon elektronikk-butikk på Sandane og er i den samanheng på leit etter ein person til å drive denne!
Som dagleg leiar vil du ha det fulle ansvaret for drifta, inklusive personal-, økonomi- og resultatansvar. Relevant utdanning- og erfaring innan elektronikk/kvitevare- bransjen er , men det viktigaste er at du har dei personlege eigenskapane som trengst.
Stillingas ansvarsområde:
· Du vil være 100% ansvarleg for effektiv drift av butikken.
· Utøve tydeleg leiarskap og personalansvar på ein profesjonell måte.
· Sørge for opplæring og vidareutvikling av ansatte.
· Sette mål for vidareutvikling av butikken og ivareta økonomisk levedyktigheit.
· Til ein kvar tid sørge for at butikken drivast etter Elon sitt konsept.
Suksess avhenger av at kundane alltid opplever førsteklasses service, inngåande produktkunnskap, riktig vareutval, fokus på marginar og ein ordentleg ryddig og stilrein butikk. Dette krev ein dyktig dagleg leiar som gjennom leiarskap har evna til å spreie entusiasme, positivitet og initiativ til alle ledd i butikken og til alle sine medarbeidarar. Du må brenne for god service og trivast med å jobbe aktivt i dagleg drift.
Vi ser spesielt etter deg som:
· Er ein kremmar og lengtar etter å skape noko eiget
· Har leiarerfaring og evne til å kommunisere, overtyde og begeistre
· Har erfaring frå bransjen, eventuelt varehandelsbransjen
· Er ein god selgar
· Har høg arbeidskapasitet
· Kan vise til god økonomisk forståing
· Har ordenssans, er strukturert og sjølvgåande
· Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
· Eit profesjonelt, fullverdig konsept som passar svært godt inn på Sandane.
· Sterke personlege utviklingsmoglegheiter
· Ei god opplæring
· Eit kunnskapsrikt og erfarent støtteapparat med funksjoner innen økonomi, salg, personal og ledelse
· Regnskapsføring og lønnsadministrasjon via sentrale funksjonar
· Kontinuerleg veiledning og oppfølging frå styret og Elon sentralt.
· Løn etter avtale og gode fortjenestemoglegheiter som medaksjonær.
Høyres dette spennande og interessant ut for deg? Då må du gjerne sende inn CV og søknad. Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med ein av oss:
-
Mail: gnegholding@gmail.com
-
Marcus Røed Frøyset, GNEG Holding AS, tlf: 955 29 696
-
Erik Koopmans, GNEG Holding AS, tlf: 469 15 558
Om bedriften
Elon Norge:
Elon er Nordens største kjede innen forbrukerelektronikk målt i antall butikker, med ca. 600 utsalgssteder i Norden. Hos Elon finner du et rikt utvalg av bl.a brune- og hvitevarer, samt data og tele.