Vil du leie ei avdeling der milligram og menneske betyr like mykje?
Sjukehusapoteket i Bergen, Sjukehusapoteka Vest
Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar Produksjonsavdelinga
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
I produksjonsavdelinga ved Sjukehusapoteket i Bergen lagar vi legemiddel som ikkje finst frå industrien, ofte skreddarsydd til barn, kreftpasientar, intensivpasientar og andre som treng spesialtilpassa behandling.
Som avdelingsleiar får du ansvaret for å utvikle og leie eit sterkt fagmiljø, tett på pasientbehov og i samarbeid med både resten av apoteket og sjukehuset. Her blir du ein del av noko større, og får leie om lag 50 dyktige fagfolk som arbeider for trygg og nøyaktig legemiddelproduksjon kvar dag.
Du får byggje vidare på eit solid fundament og dra nytte av erfaringane til Christina, som leiar avdelinga no og vil vere ein verdifull støttespelar for deg i overgangsfasen. Din leiar blir apotekar Waled, ein roleg og trygg kar som vil gi deg både tillit og handlingsrom og vere ein god sparringpartnar. Som leiar og kollega får du også støtte frå eit etablert leiarteam både i produksjonsavdelinga og i apoteket.
Dessutan blir du del av den regionale faggruppa for produksjon i Sjukehusapoteka Vest, der du får høve til å lære, dele erfaringar og påverke utviklinga på tvers av organisasjonen.
Vi høyrer gjerne frå deg om du lurer på noko.
Om arbeidsoppgåvene
Som leiar for produksjonsavdelinga
- har du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal
- vil du leie og utvikle avdelinga vidare i tett samarbeid med to seksjonsleiarar
- er du medlem av leiargruppa ved apoteket
- kan det vere aktuelt å ta del i drift og vaktordning ved behov
Kvardagen som leiar hos oss er spennande og variert. Lista ovanfor er ikkje uttømmande, og andre oppgåver kan tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som farmasøyt og utdanning på masternivå
- fordel med leiarerfaring frå apotek
- god forståing for digitale verktøy og interesse for teknologi og forbetring
- trygg språkføring på norsk, både munnleg og skriftleg
- gjerne kjennskap til produksiområdet
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein tydeleg leiar som byggjer lag, ser løysingar og får ting til å skje. Du skapar retning for medarbeidarane dine, med høge krav til kvalitet og presisjon, men også med rom for humor og læring. Det blir også lagt vekt på å vere personleg eigna for stillinga.Hos oss får du
- ei sentral leiarstilling i eit stort og utviklingsorientert fagmiljø
- støtte frå engasjerte og erfarne kollegaer
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det rundt 350 medarbeidarar, delt på fem sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Hos oss arbeidar det farmasøytar, apotekteknikarar, sjukepleiarar, anna helsepersonell, prosjektleiarar og medarbeidarar innan HR, økonomi, IKT og kommunikasjon. Kvar arbeidsdag bidrar alle på kvar sin måte til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett og trygg måte.
Kontaktinformasjon
Christina Pia Strunck, Konstituert avdelingsleder produksjon, +4740201280, christina.pia.strunck@sav.noWaled Al-Zayadi, Sjukehusapotekar
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 895021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5036307525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Waled Al-Zayadi
Sjukehusapotekar
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9db00249-1daa-4ad3-841a-49238c11d00f
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
685ee3df86fd4e9f97a239aa1756a95b
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Klinisk farmakologi, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Vitusapotek Vestkanten
Sted
Loddefjord