Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Org. nr: - Stillingsident: 4109951786 Presentasjon av stillingen:
NAV Arbeidslivssenter Vestland er eit ressurs- og kompetansesenter for inkluderande arbeidsliv (IA). Senteret er eit av staten sine verkemiddel i IA-avtalen, og samarbeidspart overfor verksemder i IA arbeidet.
Den nye IA-avtala har to nasjonale målsettingar:
¿Sjukefråværet skal reduserast med 10% samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018
¿Fråfallet frå arbeidslivet skal reduserast
Innsatsområda i den nye avtala er førebyggjande arbeidsmiljøarbeid og lange gjentakande sjukefråvær.
For å betre dei nasjonale resultata skal innsatsen særskilt rettes mot bransjar og sektorar som har potensiale for redusert sjukefråvær.
For å koma tettare på det lokale arbeidslivet etablerer NAV Arbeidslivssenter seg no i lag med 9 av NAV-kontora i det nye Vestland Fylke. Dette er og ein del av NAV Vestland si satsing på å levera betre og meir integrerte tenester til arbeidslivet
Stillingane får arbeidsstad Stord med ansvar for Sunnhordland. Næraste leiar har arbeidsstad Stord og avdelinga har medarbeidarar i Os og på Voss.
Arbeidsoppgaver
Rådgjevarane har resultatansvar for eigen portefølje av verksemder
Rådgjevarane sine viktigaste oppgåver er gjennom rettleiing og kompetansebygging å støtte verksemdene i å oppnå deira ambisjon om eit inkluderande arbeidsliv. Ein viktig del av jobben blir å legge til rette for interne prosesser i verksemdene og saman med dei evaluere utviklinga og sette nye mål. Rådgjevarane har ansvar for eigen portefølje og arbeider i team med andre rådgjevarar.
Rådgjevarane våre har mellom anna kompetanse på områda førebyggjande arbeidsmiljø, organisasjon og leiing, prosessleiing, sjukefråværsoppfølging, tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne, fleirkulturelle arbeidsplassar og god livsfase og seniorpolitikk
Kvalifikasjoner
¿ Minimum treårig høgskule- universitetsutdanning, særleg relevant erfaring kan vege opp for deler av utdanningskravet
¿ Kjennskap til og forstå partssamarbeidet i arbeidslivet
¿ God formidlingsevne
¿ Erfaring frå prosess og læringsaktivitetar
¿ Kjennskap til plan- og evalueringsprosessar
¿ Gode servicehaldningar
Personlige egenskaper
¿Du må kunne jobbe sjølvstendig og vera god på samhandling
¿ Du må ha evne til endring
¿ Du må rekne med reiser til verksemder i regionane.
¿ Du er ein bevisst nettverksbyggjar og jobbar proaktiv og målretta med vekt på resultat
¿ Du er inkluderande og har evne til å skape tillit gjennom kommunikasjon og samarbeid
NAV er opptekne av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Vi tilbyr
¿ spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
¿ aktive og engasjerte kolleger
¿ tilsetting i stilling som Rådgjevar st. kode 1434 kr. 496.100,- til kr. 532.300,- For særs kvalifiserte søkjarar kan vi vurdera 1364 seniorrådgjevar stilling og høgare løn
¿ god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Siri Nerheim, Avdelingsleder, 41555987
Øyvind Urdal, Avdelingsdirektør, 99410744
Arbeidsstad
Bandadalsplassen 7
5417 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4109951786
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 08.08.2019
Om bedriften
NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstjenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidere fordelt over hele landet. NAV skal gi mennesker muligheter, og vårt hovedmål er å få flere i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ønsker meningsfulle og varierte arbeidsoppgaver.
NAV er en inkluderende arbeidsplass som er preget av mangfold. Vi ønsker at alle kvalifiserte kandidater søker jobb hos oss. Vi legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholdene dersom du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrer vi personer med nedsatt funksjonsevne og/eller <> om å søke jobb hos oss. De er en verdifull arbeidskraftressurs som NAV trenger.
Søkere som tilkjennegir at de har nedsatt funksjonsevne eller hull i CV-en, gjøres oppmerksom på at denne opplysningen kan bli brukt til statistikkformål ifm. regjeringens inkluderingsdugnad dersom vedkommende blir ansatt.
<<Det gjennomføres forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket evalueres av Difi, som behandler anonyme opplysninger om ansettelsesprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket. Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.>>