Lærar ved Stadlandet skule
Org. nr: - Stillingsident: 4241318029 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig vikariat 100% lærarstilling ved Stadlandet skule frå 01.08.2020 -31.07.2021.
Stadlandet skule er lokalisert på Sjåstad ca. 1 km før Leikanger sentrum. Skulen er ein fådelt 1-10 klasse skule med 108 elevar. Det er 18 årsverk ved skulen fordelt på 24 tilsette. Bygda Leikanger er i vekst, og skulen opplever også vekst i elevtalet. Skulen fokuserer på eit godt læringsmiljø for elevane. I tillegg er eit godt samarbeid med føresette og lokalsamfunnet generelt viktig, for at skulen skal kunne gje eit godt opplæringstilbud til elevane.»
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- Leie klasser og grupper
- Samarbeid med foreldre og føresette
- Tverrfagleg samarbeid
- For denne stillinga vert det i hovudsak undervisning i 5.-10. klassetrinn, men andre fag og klassetrinn kan også bli aktuelle
Kvalifikasjonar
- Utdanning som grunnskulelærar/allmennlærar 5 -10 trinn
- Særleg ønskje om kompetanse innan basisfaga matematikk, norsk og engelsek
- Undervisning i hovudsak frå 5-10 trinn, men andre fag og trinn kan bli aktuelt
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato
Personlege eigenskapar
- Kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
- Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
- Er sjølvstendig og systematisk
- Har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt leggjer fram undervisningsrelevant referanse av ny dato. Søkjarar utan utdanning kan verte vurderte til andre stillingar på skulen, dersom det skulle bli behov for det.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor.
Kontaktinformasjon
Anita Otneim Hoddevik, Rektor Stadlandet skule, 99 70 45 72, anita.otneim.hoddevik@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Stadlandet skule
6740 Stadlandet
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4241318029
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 06.06.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!