ID 1961 Helsefagarbeidar - Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Ledig stilling er i avdeling Gullskar. Gullskar er ein avdeling med to grupper med til saman 17 plassar og er tilrettelagd for personar med demenssjukdom. Pasientane har varierande funksjonsnivå og treng hjelp til aktivitetar i dagleglivet.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Stord sjukeheim har ledig fast stilling for autorisert helsefagarbeidar i 100% stilling frå 13.03.23.
Stillinga er i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre eller personar som er ramma av demenssjukdom.
- Relevant fagskuleutdanning vil vere ein fordel.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.