Lærarstillingar Vang barne -og ungdomsskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Vang Kommune
Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres
Org. nr: 961 382 246 Stillingsident: 4195208909 Presentasjon av stillingen:
Elevane våre fortener dei beste lærarane. Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte lærarar som brenn for elevane si læring og trivsel!
Vang kommune har frå 01.08.20 ledig fleire faste stillingar og vikariat ved Vang barne- og ungdomsskule, inntil 200 % fast stilling, og inntil 200 % vikariat for skuleåret 2020-2021.
Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10. klasse. Skulen er fulldelt og har omlag 200 elevar.
Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde, og er godt i gang med implementering av ny læreplan.
Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar.
Arbeidsoppgåver
Stillingane vil bestå av undervisning i fleire fag på barne- og ungdomssteget.
Me søkjer etter allmennlærarar og grunnskulelærarar, og etterspør særskild undervisningskompetanse innan faga engelsk, mat og helse, migrasjonspedagogikk, byrjaropplæring 1-4. trinn og tysk 8-10. trinn. Kompetansebehov kan oppstå innan andre fag også.
Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Me ser etter lærarar som
- har godkjent undervisningskompetanse
- er gode klasseleiarar
- er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- er innstilt på å medverke postitivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
- har god IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
For undervisningsstillingane kan det verte aktuelt å gjennomføre prøveundervisning i samband med intervju.
Ved tilsetjing må ein legge fram gyldig politiattest.
Me tilbyr
- eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
- tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande lærarteam
- faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen har personalbustader for leige.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har fortrinnsrett til utviding av stilling.
Kontaktinformasjon
Tor Nordaas, Rektor VBU, 61 36 94 31, Tor.Nordaas@vang.kommune.no
Agata Gniewek Bøe, Inspektør VBU, 61 36 94 32, agata.gniewek@vang.kommune.no
Arbeidsstad
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vang Kommune
Referansenr.:4195208909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Adresse
Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres
<> er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4195208909_Vang Kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 9cb9fa5c-649e-4b56-aa06-b8bf7b870bf4