100% fast stilling som ungdoms- og SLT-koordinator i Vinje kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Vinje
Har du engasjement og hjarte for ungdom og ungdomsarbeid? Me søkjer deg som er fleksibel, kreativ, strukturert og serviceinnstilt. Du er tydeleg på fagleg kompetanse, god på samarbeid med andre, både i prosjektarbeid og med utvikling over tid. Du likar at det skjer mykje, og er god på å få både ungdomar og andre med deg på laget.
Kva gjer ein ungdoms- og SLT-koordinator i Vinje kommune?
Denne stillinga er ein spennande kombinasjon av administrasjon og aktivt ungdoms- og kulturarbeid, under den kommunale verksemda *kultur og fritid.*Dei viktigaste ansvarsområda i stillinga er:
- Ungdomsarbeid i Vinje kommune
- Samarbeid med andre kommunar i Vest-Telemark
- Vinje kommunes ungdomsstrategi -- utarbeiding og vidareutvikling
- Oppfølging av ungdomsrådet i Vinje kommune
- Barnerepresentant i plansaker i Vinje kommune
- Koordinere ungdomsundersøkingar som til dømes Ungdata
- Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) --sjå konfliktraadet.no/SLT-modellen for meir informasjon
I tillegg til ansvarsområda kjem det generelt kommunalt administrasjonsarbeid og tett samarbeid med dei andre fagområda i kommunalområdet, som til dømes næring, bibliotek, kulturskule, idrett, friluftsliv og kulturadministrasjon. Som SLT-koordinator har ein ei etablert arbeidsgruppe å støtte seg til, og arbeidet utgjer 30% av stillinga.
Ungdoms- og SLT-koordinatoren har ansvar for eige budsjett.
Kva kvalifikasjonar ser me etter i deg?
- Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå eller relevant erfaring frå liknande arbeid
- Erfaring frå ungdoms- og fritidsarbeid
- God kjennskap til skulesektoren
- Erfaring med prosjektarbeid og økonomistyring
- Oppdatert på sosiale medium og nye trendar
- God kunnskap om kulturfeltet og erfaring med å arrangere store og små arrangement
- Trygg på bruk av programvare som til dømes Office og rask til å orientere deg i ny programvare
- Gode nynorskkunnskapar og god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Det er krav om politiattest.
Kven er du?
- Du er ein person som brenn for at ungdom skal ha ei givande og trygg ungdomstid
- Blant ungdom er du trygg, tydeleg og tillitsfull i vaksenrolla
- Du er allsidig og fleksibel, med stor gjennomføringsevne
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, samstundes som du har evne til å oppnå resultat i samarbeid med andre
- Du har stor arbeidskapasitet og er budd på å måtte brette opp ermene og arbeide på kveld og i helg
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av alle søkjarar.
Kva kan me tilby deg?
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hyggelege og kompetente kollegar i ein framoverretta kommune
- Fagleg påfyll gjennom målretta kompetanseutviklingstiltak
- Hjelp til å skaffe bustad
- Gode barnehagetilbod, kulturskule og idrottslag
Interessert? Slik søkjer du?
Nærare opplysningar om stillinga ved Kristian W. Rantala, kristian.rantala@vinje.kommune.no.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå Vinje kommune sine heimesider.
Attestar og vitnemål må leggast ved den elektroniske søknaden.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Adresse
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Hjemmeside
Facebook
Vinje kommune er ei kultur- og friluftlivsbygd med over 3700 innbyggjarar. Her i Vinje finn du gode naturopplevingar, frisk luft, lange ski- og turløyper, opplevingar av ro, levande kulturlandskap, og ikkje minst raskt internett. I Vinje kommune er me opptekne av å levere gode tenester til alle innbyggjarane våre, og vi legg til rette for tilflytting og verdiskaping.
Velkomen til Vinje, naturlegvis!
vinjenaturlegvis.no
Om stillingen
Stillingstittel
Ungdomsarbeidar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 15. august 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 9c96e452-3ca1-4cb3-b85e-557816fc0b56
Stillingsnummer: 9c96e452-3ca1-4cb3-b85e-557816fc0b56