Seksjonsleiar reinhald
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4414435925 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst å vera seksjonsleiar for vår reinhaldsavdeling med dyktige og fagleg engasjerte medarbeidarar ?
Reinhaldsavdelinga har ledig fast stilling i 100% som seksjonsleiar. Dette er ei spennande stilling med både personal, fag og økonomiansvar.
Avdelinga har 13 årsverk, dei fleste med fagbrev innan reinhald. Avdeliga har ansvar for reinhald av areal og senger i sjukehuset. Avdelinga dekker reinhaldsbehov på dag og kveld heile veka. Vi har eit godt fagleg samarbeid med tilsvarande avdelingar i Helse Bergen.
Voss sjukehus har omlag 400 tilsette, har akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi. Sjukehuset har siste åra hatt aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Sogn og Hardanger.
Ein samla utviklingsplan, Nye Voss sjukehus fram mot 2035, er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset. Det vil vere spennande oppgåver knytt vidare utvikling av reinhaldstenestene i tråd med funksjon og ansvar i ein framtidig organisasjon
LITT OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og -
aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar.
Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko.
Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre
steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt
utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon
vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den dagleg drift og fagansvar i avdelinga
- Ansvar for planarbeid knytt til utarbeiding av drift- turnusplanar og budsjettarbeid
- Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle avdelinga i tråd med dei kvalitetskrav og behov sjukehuset har for reinhaldstenester til ei kvar tid
- Vi samarbeidar med andre avdelingar i sjukehuset og ønskjer deg som bidrar til at seksjonen samhandlar godt, både med andre faggruppar og avdelingar
- Praktiske oppgåver knytt til utleige av husvære på Voss som Helse Bergen drifter.
- Delta i eininga sitt leiarteam.
- Seksjonsleiar har medansvar for innkjøp av ulike inventar til sjukehuset
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med leiarkompetanse og/eller leiarerfaring frå liknande fagområde
- God økonomi og organisasjonsforståing
- Gode ikt kunnskaper
- Ynskjeleg med erfaring frå sjukehusreinhald
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har god organisasjonsforståing, er tilpassingsdyktig og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er motiverande og positivt innstilt til jobben
- Du er strukturert, sjølvstendig og løysingfokusert
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Leiaropplæring gjennom sjukehusets interne kurs
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Solveig Vestrheim Stue, Avdelingsleiar, 56533760
Arbeidsstad
sjukehusveien
5704 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4414435925
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.