Ledige lærarstillingar, barneskulen i Skodje - Skodje barneskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Skodje kommune
Skodje
KORT OM BARNESKULEN I SKODJE:
Barneskulen i Skodje består av to avdelingar/skular, begge 1-7 skular som ligg naturnært og flott til:
- Skodje barneskule (om lag 320 elevar) - ein skule sentralt i Skodjebygda, som i nærmaste framtid blir både større, flottare og meir moderne
- Valle skule (om lag 105 elevar) - ein relativt ny, moderne og mindre skule sentralt plassert i Vallebygda
Barneskulen har éin einingsleiar/rektor med overordna ansvar for økonomi, personal og fagleg kvalitet, i tillegg til assisterande rektorar ved begge avdelingar og SFO-leiar.
Pedagogisk utviklingsarbeid er prioritert i skulen vår. I over to år har vi samla mykje av fokuset vårt om fellessatsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø". Utbyttet av dette arbeidet er det viktig for oss å vektlegge òg i tida som kjem.
I notid er vi i gang med førebuingar i høve til læreplanfornyinga/fagfornyinga. Verdigrunnlaget her blir sentralt i arbeidet vårt vidare, både m.o.t. haldningar, kompetanse og praksis.
.............................................................................................................
Vi har ledig inntil om lag 10 stillingar - fast og/eller vikariat - for tilsetjing f.o.m. nytt skuleår 2019.
I søknaden bør du tilføye merknader som:
- ønska stillingsstorleik
- ev. kva avdeling du helst ønskjer å arbeide ved - Valle skule eller Skodje barneskule
NB! Søknad må leverast elektronisk. Du går via grøn knapp ("Søk på stillinga") oppe til høgre i annonsen.
Kvalifikasjonar
- I tillegg til godkjend utdanning for lærarstilling på barnetrinnet, nemner vi følgande kompetanseønske:
- det er ønskeleg med min. 30 studiepoeng i eitt eller fleire av "basisfaga" norsk, matematikk og engelsk
- spesialpedagogikk, musikk og svømmeopplæring
- formell eller uformell kompetanse innanfor IKT, og då med vekt på pedagogisk bruk av IKT
- formell eller uformell kompetanse i høve til arbeid med elevar med sosiale og/eller læringsmessige utfordringar (gjerne ART-kompetanse)
- Du har erfaring/kompetanse som gjer det godt rusta til arbeid i skulen - òg med elevar med ekstra utfordringar
- Skodje kommune er nynorskspråkleg. Det er dermed ein fordel om du meistrar dette målføret.
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Du har:
- gode haldningar og gode evner i høve til arbeidet med elevane og samarbeidet med føresette
- gode samarbeidsevner
- god dømmekraft og evne til ei klok og inkluderande tilnærming til barn/elevar og vaksne i organisasjonen
Vi tilbyr
- ein god og inkluderande arbeidsplass med fokus på verdiane trivsel, identitet, tryggheit og entusiasme
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Trond P. Gisnås, Einingsleiar/rektor, 70244871 / 99748979, trond.gisnas@skodje.kommune.no
Arbeidsstad
Skodje
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Skodje kommune
Ref. nr.:4032306073
Vikariat, Fast
Tal på stillingar: 10
Søknadsfrist: 06.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4032306073&company_id=3080126252&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Skodje kommune
Adresse
Gomerhuset, 6260 Skodje
.
Om stillingen
Stillingstittel
Allmennlærer (grunnskolen)
Antall stillinger
10
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 7. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9992368
Stillingsnummer: 9c67f61f-98f3-416f-b7b9-f5f24be8c980