Sekretær/helsesekretær
Stillingsannonsen er inaktiv.Voss sjukehus/Somatisk kontorteneste, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4240307828 Presentasjon av stillingen:
Somatisk kontorteneste, Voss sjukehus har 19 årsverk knytt til ulike funksjonar i sjukehuset. Vi har ledig 40% vikariat for sekretær/helsesekretær. Arbeidsoppgåvene er primært knytt til Akuttmottak/legevakt, med arbeid 3. kvar helg, seinvakt på vekedagar og helgedagar. Sekretær samarbeider tett med lege og sjukepleiarar i avdelinga.
Vikariatet er ledig frå 15.06.2020 til 31.12.2020 med mogleg forlenging. Arbeidsoppgåver og arbeidstad kan bli endra ved endring av drift eller behov.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og registrering av pasientar til legevakt og poliklinikk
- Telefonekspedering
- Bistå lege/sjukepleiar ved behov
- Førefallande oppgåver i avdelinga
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med rutinar og forbetring av tenestene
Kvalifikasjonar
- Kontorfagleg utdanning og gode IKT kunnskapar
- Søkjar må meistre norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med erfaring frå pasientadministrative system
Personlege eigenskapar
- Du må vere nøyaktig, strukturert og påliteleg, og kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du må kunne arbeide raskt og effektivt i eit hektisk miljø
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Det blir lagt stor vekt på fleksibilitet, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Dyktige og engasjerte kollegaer
Kontaktinformasjon
Laila Dregelid Kvåle, Seksjonsleiar, 56 53 35 12
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4240307828
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 15.06.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 02.06.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Voss sjukehus/Somatisk kontorteneste, Helse Bergen
Adresse
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
15. juni 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. juni 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4240307828_Voss sjukehus/Somatisk kontorteneste, Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: 9c679361-9ebd-41ba-bad3-1fbafbbfca0c