Kokkar til Hangurstoppen restaurant
Har du lyst til å jobba i det mest kreative og veksande selskapet på Voss?
Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt?
Voss Resort har vore ein innovativ aktør i over 15 år.
Hangurstoppen AS vil bli det sentrale selskapet i Voss Resort AS for utvikling av god service, god mat og drikke i våre fire restaurantar og kafear. Den nye restauranten som kjem i tilknytting til gondolen, Hangurstoppen Restaurant, vert Voss sin største og hovedrestauranten på fjellet.
KOKK
Som kokk kreves fylgjande:
· Du har en brennande lidenskap for mat.
· Du er oppteken av kvalitet og har stor respekt for råvarer og marginar.
· Matsvinn er viktig for deg og du jobber hardt for å minimere matavfall og svinn i alle ledd.
· Du er nytenkjande, fylgjer med på kva som skjer i bransjen og er ein kreativ person som er oppteken av detaljer.
· Du er sjølvstendig, ansvarsfull og ein som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
· Eit godt arbeidsmiljø med positive og dyktige kollegaer
· Ein spennande arbeidskvardag med høgt tempo og varierende arbeidsoppgåver
· Tett oppfølging frå oss i Hangurstoppen AS
· Mulighet for utvikling internt i bedriften
· Faste og midlertidige stillingar både fulltid og deltid, og høve til å vera med på ei spennande reise.
Arbeid i ferie- og helger må påreknast.
Om bedriften
Voss Resort AS eig og driv skisenteret på Voss. Herunder ligg kafe- og restaurantdrift, utleige av overnatting, skileige, skiservice og skiinstruksjon og aktivitetar. Selskapet utviklar og sel 25 - 40 fritidsleilegheiter årleg. Voss Resort er organisert som eit konsern med 7 underliggande driftsselskap og omset for ca 150 MNOK årleg. Selskapet har vore ein viktig aktør i den positive utviklinga på Voss dei siste 15 åra. Selskapet har som mål å vera innovativt og nyskapande.
Voss Resort AS er majoritetseigar i den nye gondolbanen som opnar sommaren 2019. Selskapet har mange spennande prosjekt under planlegging og det er venta betydeleg vekst i den operative aktiviteten dei kommande åra. Ein del av denne veksten vil komma innanfor restaurantverksemd. Sjå www.vossresort.no