100% fast sjukepleiarstilling - Ortopedi Post Lærdal sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4093657570 Presentasjon av stillinga:
Det er ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved Ortopedisk sengepost, Lærdal sjukehus.
Ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, der det hovudsakeleg blir utført planlagte ortopediske operasjonar. Avdelinga er spesialisert på kne og skulderkirurgi med særskilt kompetanse på innsetting av leddproteser. Stillinga inngår i sengeposten sin årsarbeidsplan.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til ortopediske pasientar, prè- og postoperativt
- Samarbeide i team med legar og fysioterapeutar
- Rettleiing av studentar i praksis
Kvalifikasjonar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Erfaring frå arbeid med ortopediske pasientar vil bli vektlagt
Utdanningsretning
- Sykepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- 4 veker fellesferie om sommaren
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Anja Myklemyr, Einingsleiar, (+47) 576 40 181, (+47) 975 38 392
Arbeidsstad
Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4093657570
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Startdato: 01.09.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 18.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4093657570&company_id=3318722275&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.