Kreativ og miljøbevisst frisør søkast
Vi søkjer frisørar med ekstra engasjement. Du skal digge jobben din og samtidig vere open for å lære nytt. Her arbeider vi med grøne frisørprodukt. Det vil seie at vi går opp i at produkta våre ikkje skal inneholde skadelege stoff. Altså, vi ønskjer det beste for deg, kundane og jorda vår. Men vi går absolutt ikkje på kompromi med kvalitet. Fargane vi nyttar er det fremste og mest innovative på markedet, med uendelege moglegheiter.
Så ønskjer du å arbeide i eit kreativt, trygt og utfordrande arbeidsmiljø så må du gjerne ta kontakt. Vi treng frisørar til alle avdelingane våre, på Grünerløkka, Bislett og Kviteseid.
Om bedriften
Balanzera er ein av Noregs fyrste og fremste grøne frisørsalongar. Vi har etablert oss godt på Grünerløkka i Oslo dei siste 12 åra. Deretter opna 2 nye avdelingar på Bislett i Oslo og i Kviteseid i Telemark. Her er vi genuint opptatt av å ta vare på frisørane våre, kundane våre og ikkje minst miljøet.