Miljøterapeut - Akutt psykisk helse - Ålesund sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4068003340 Presentasjon av stillingen:
**Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre - Seksjon for akutt psykisk helse Ålesund
Ved seksjon for akutt psykisk helse i Ålesund har vi ledig fast 75% stilling som miljøterapeut frå 1.5.2019 eller snarast.
**
Alle stillingane har arbeid kvar 3. helg.
Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkelig hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald,
Seksjonen har óg eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinjetenesten. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiatrar, psykologspesialist, LIS, turnuslegar, sosionom, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Vi har eit stort fagleg fokus og kompetanse innan fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sykepleiar/vernepleiar/sosionom
- Spesialutdanning i psykisk helsearbeid
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse eller rus
- Helsefagarbeidere og anna relevant utdanning kan søke på helgestillinger.
Utdanningsretning
- Spesialsjukepleie
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Meistre norsk språk godt skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
- Gode evner til kommunikasjon
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Løn i henhald til gjeldande avtaleverk
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no
Tove Grønfur Pilskog, Nestleiar, (+47) 70106549, Tove.Gronfur.Pilskog@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4068003340
Stillingsprosent: 75%
Startdato: 01.05.2019
Søknadsfrist: 30.04.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.