Barnepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4368218459 Presentasjon av stillingen:
Vil DU vere med på laget?
Vi har no ledig vikariat i 45 % stilling for barnepleiar. I tillegg har vi óg 2 faste 15 % stillingar med arbeid kvar 3.helg. Stillingane inneber 3-delt turnus på barsel/ fødeavdelinga. Det er mogelegheit for 12,25 timersvakter kvar 4. helg
Molde sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen i Molde er plassert i Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar, og er ei kombinert føde- og barselavdeling. Vi er sertifisert som mor/barn-vennleg avdeling, og arbeider etter retningslinjene som ligg i "Et trygt fødetilbod".
Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom i Klinikk SNR har verksemd både i Molde og i Kristiansund. Vi har i overkant av 700 fødslar i året til saman, og stor kirurgisk aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Avdelinga vert no styrka fram mot samlinga på det nye topp moderne fellessjukehuset på Hjelset som skal stå ferdig i 2025.
Visste du dette om Molde?
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsoppgåver
- Allsidige barnepleieroppgåver
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan barnepleie
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller sjukepleiarstudent
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
- Du er motivert for fagleg utvikling
- Du har evne til fleksibilitet og oversikt
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit stabilt og godt fagmiljø
- Kurs og internundervising
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cecilie Lysgård, Seksjonsleiar, Cecilie.Lysgard@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4368218459
Stillingsprosent: 45, 15%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 31.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal