Barnehagelærar, 100% vikar
Me har ledig vikariat som barnehagelærarar i 100 % stilling i perioden 01.08.19-03.11.19.
Barnehagen ligg i Etne sentrum med gode turmuligheter til skog, sjø og fjell. Me har gangavstand til Skakke der me nyttar oss av idrettshallen og biblioteket. Me har 6 avdelingar f.t. tre store, der ein er Naturavdeling, og tre småbarnsavdelingar. Barnehagen arbeider med "Være saman" og Inkluderande barnehage og skulemiljø og det vil vere satsingsområda våre framover.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og gjennomføring av pedagogisk arbeid saman med pedagogisk leiar og resten av personalet på avdelinga.
Ønska kompetanse:
Søkjar må ha barnehagelærarutdanning eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskule nivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Personlege eigenskapar
Det er ønskjeleg at den som vert tilsett er har god evne til samarbeid, er løysingsorientert og ser det unike i kvart barn. Barnehagen arbeider med "Være saman" og det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan identifisera seg med denne tankemåten.
Anna:
Dei som vert tilsette må kunne vise fram gyldig politiattest før han/ho byrjar i stillinga.
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg på ein god måte.
Ønskjer ikkje kontakt med rekruteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Enge barnehage ligg på Enge med gangavstand til sentrum, kulturhus, fotballbanar, skulen, sjøen og fleire fine turområde. Barnehagen har plass til 97 barn fordelt på 3 småbarnsavdelingar, 2 store avdelingar og 1 naturavdeling. Grunntanken for arbeidet vårt ligg i Reggio Emilie-filosofien: barnet er fødd kompetent, barnet skal takst på alvor, barnet skal vera i sentrum. Me ønskjer å sjå det unike i kvart barn.