Spesialpedagog/lærar Bryne skule
Me søkjer
Spesialpedagog/lærar i 100% stilling frå 01.08.19
Om arbeidsplassen
Bryne skule er ein barneskule som ligg sentralt i Bryne med 500 elevar og ca 75 tilsette skuleåret 2019-20. I
Time kommune brukar me digitale verktøy for å styrka læringa til elevane, og for å få til ei meir tilpassa opplæring. Alle
elevane har eige lærebrett (iPad) som eit viktig læringsverktøy. Bryne skule er del av "Jærskulen", som er eit
forpliktande og tett skulesamarbeid mellom kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time. Bryne skule er i nettverk
med Varhaug skule, Kleppe skule, Bore skule og Rosseland skule.
Me ønskjer at du kan;
- sjå og møta den einskilde elev der ho/han er
- arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang i læring
- samarbeide godt og spela på lag med andre
- arbeida etter leveregelen vår om "å gjera kvarandre gode"
Kvalifikasjonar
- Fullført lærarutdanning eller GLU 1-7. Det er ønskjeleg med spes.ped 1 og 2.
- Eit inkluderande og positivt elevsyn
- Er ein god og tydeleg klasseleiar
- Mot til å meina, er tydeleg, robust og engasjert
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, og til å vera fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner, og likar å arbeida på lag med andre
- God pedagogisk forståing, og blikket retta mot skulen i framtida
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Har god digital kompetanse
Me tilbyr
- Lønn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar
- Eit kollegium som er opptekne av å finna løysningar saman
- Eit kollegium med god trivsel og mykje humor
- Retteliingsprogram for nyutdanna lærarar.
- Opplæring for nytilsette i Olweus sit antimobbeprogram, SOL ( systematisk observasjon av lesing og vurdering for
læring. - Kompetanseheving i bruk av digitale lærebrett.
Andre krav
Det er krav om politiattest for tilsetting i stillinga.
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.