Sjukepleiar /Vernepleiar 2 vikariat,Otta /Karvestova ved Volda Omsorgssenter.
Stillingsannonsen er inaktiv.Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6100 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4337458624 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter offentlig godkjend sjukepleierar/vernepleierar med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste. Vi treng inspirerte, glade og positive nye medarbeiderar som ynskjer seg utfordringar ! Kjenner du deg att i dette, ser vi fram til å få deg som vår medarbeider.
Vi har no ledig 2 permisjonsvikariat, samla 1,76 årsverk frå 01.03.21 og ca eit år framover. Eit av vikariata kan verte fast tilsetjing i. Du kan kome med ønske om stillingsstorleik (100 % -90 % - 80 %-70 % ) Stillingane har todelt turnus , med 3 kvar helg. Arbeidsstaden er for tida i 3.etg på Volda Omsorgssenter, seksjon Otta /Karvestova , dette er ein seksjon med langtidsplassar/ korttidsplassar .Det er 19 bebuerar på seksjonen fordelt på 2 bugrupper, desse 2 bugruppene har eit godt samarbeid i det daglege.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for at pasientane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i eit tverrfagleg samarbeid med tilsynslege / fastlege , andre samarbeidspartar som fysioterapeut / ergoterapeut og heimebaserte tenester.
Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
Bidra til å kvalitetssikre tenestene
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar . Oppgi HPR -nr i søknaden
Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( heslt Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal framleggast tilfredstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Personlege eigenskapar
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du er ansvarsbevisst, løysningsfokusert,fleksibel og likar utfordringar.
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og opptatt av aktiv omsorg
Du kan motivere og skape tillit både med brukarar, pårørande og andre tilsette.
Du har fokus på fag og fagutvikling.
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Du tek initiativ og ansvar
Vi tilbyr
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
Gode forsikrings og -- pensjonsordningar
Fokus på relevant kompetanseutvikling, høve til vidareutdanning, E-læringkurs frå NHI
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator, spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Søkjar må oppgi referansar.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar institusjonstenester, 91144863, ann.solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4337458624
Stillingsprosent: 100, 76%
Vikar
Startdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 14.02.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Adresse
Barstadmarka 2, 6102 Volda
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper mangar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har av eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
1. mars 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 14. februar 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4337458624_Volda kommune, Institusjonsteneste_webcruiter
Stillingsnummer: 9af7a362-7431-49ca-8277-e580142aa365