Kommunepsykolog 100% fast stilling - 2.gangs utlysing
Org.nr.:973903977 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Hjelmeland kommune ønskjer å utvikle det psykologiske helsetilbodet til kommunens innbyggjarar ved å tilsette kommunepsykolog i 100% fast stilling.
Stillinga vil organisatorisk leggjast til helseeininga i kommunen, og vil i hovudsak vera lokalisert på Helsehuset i Hjelmeland sentrum. Helsehuset er eit bygg med ei nokså unik samlokalisering av dei aller fleste kommunale tenestene for barn, unge og familiar under eit tak. Her ligg tannlege, NAV, Fysioterapitenesta, legekontor, jordmor, habiliteringstenesta for menneske med nedsett funksjonsevne, psykiatritenesta, helsestasjonen, skulehelsetenesta og barnevern. Helsehuset gjev ei unik moglegheit for samarbeid og samhandling mellom dei ulike tenestane og er ei samlokalisering Hjelmeland kommune er stolt av!
Kommunepsykologen i Hjelmeland kommune vil ha førebyggjande psykisk helsearbeid som sitt hovudarbeidsfelt. Hovudfokuset skal vera retta mot barn, unge og familiar, både på individ og systemnivå. Arbeidsoppgåvene vil bestå av både klinisk arbeid og rettleiing, samt plan- og systemarbeid.
Stillinga er ledig frå 01.09.2021.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- lågterskel korttidsoppfølging
- behandling av born, ungdom og familiar, med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem
- utgreiing av psykiske lidingar og vurdering av behov for henvisning til spesialisthelsetenesta
- utvikling og gjennomføring av kurs- og gruppetilbod
- foreldre- og/ eller familierettleiing
- rettleiing av andre faggrupper og tilsette i kommunen, både på gruppe- og individnivå.
- tett samarbeid med andre kommunale tenester i form av deltaking i ulike samarbeidsteam og tverrfaglege forum med fokus på tidleg innsats og tidleg identifisering av barn i risiko
Kvalifikasjonar og vilkår
- søkjer må være autorisert psykolog, me ønskjer fortrinnsvis spesialist i klinisk samfunnspsykologi eller barne- og ungdomspsykologi
- ønskjeleg at søkjar har erfaring frå spesialist- og/eller kommunehelsetenesta
- søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar - B2
- søkjar må ha førarkort klasse B
Me søkjer etter ein person som
- er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid, samt har evne til å jobbe strukturert og målretta
- er fleksibel og løysningsorientert
- har god evne til å oppnå kontakt med brukarar
- har god evne til å jobbe i samarbeid med andre både tverrfagleg og tverrsektorielt
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og tverrfagleg fagmiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving med stipendordningar
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her .
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marta Ommundsen, Mobil 404 39 076, Epost: postmottak@hjelmeland.kommune.no
Om bedriften
Hjelmeland kommune ligg i "i hjarta av Ryfylke", og er med sine 1092 km2 den nest største
kommunen i Rogaland. Det er kort veg til Stavanger og resten av regionen. Me er ca 2600
innbyggjarar, og kommunesenteret ligg på Hjelmeland.
Kommunen sin visjon; «Hjelmeland naturlegvis» gjev uttrykk for eit ønskje om eit positivt samspel
mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss.
Hovudmål: Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på
arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.