Vil du vere driftsteknikar i eit spennande statsorgan?
Stillingsannonsen er inaktiv.Forsvarsbygg
8483 Andenes, Andøy, Sortland
Til utfordrande og varierte oppgåver i Forsvarsbygg søker vi etter ein ny dyktig driftsteknikar for å drifte tekniske anlegg og installasjonar i Andenes og Sortland. Vi tilbyr spennande moglegheiter for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam.
Stillinga inneber varierte drifts- og vedlikehaldsoppgåver i vår bygningmasse, og som driftsteknikar er du kontaktledd ovanfor leigetakar sine brukarar av eigedomane. Du skal sørge for at brukarane sine behov for tilfredsstillande løysingar innan eigedom, bygg og anlegg blir tatt vare på. Stillinga rapporterer til arenaleiar.
Du kan sjølv velje om du ynskjer å ha Andenes elles Sortland som arbeidsplass.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver innan tilsyn, service, internkontroll, drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar
- Følge opp og utføre driftstiltak i arenaen sin eigedom-, bygg-, og anleggsportefølje i samsvar med driftsplan
- Følge opp eksterne leverandørar og leveransar i våre bygg
- Delta ved montering/testing/idriftsetting av nye tekniske anlegg i eksisterande og nye bygningskomponentar
- Bidra med råd og innspel til produksjons- og vedlikehaldsplanar
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Etter avtale delta i heimevaktordning
- Andre oppgåver kan bli pålagd etter anvisning frå leiar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, er kundeorientert og serviceinnstilt. Du må være ansvarsbevisst og pliktoppfyllande og du har god orden gjennom å jobbe strukturert og ryddig.
Kvalifikasjonar
- Du må ha relevant fagbrev, lang relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av EBA, og erfaring med bruk av SD anlegg
- Du har grunnleggande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Du har førarkort klasse B
- Du må kunne tryggingsklarerast for nivå Hemmeleg
Vi tilbyr
I Forsvarsbygg vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag der du vil bidra til å bygge forsvarsevne kvar dag. Vi satsar på medarbeidarane våre, vi tilbyr kursing, etter- og vidareutdanning og vi har etablert vår eigen prosjektleiarutdanning. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar. Du vil også få tilgang til treningsrom og bedriftsidrettslag med varierte aktivitetar. Som tilsett hos oss får du medlemskap i Statens pensjonskasse som har ein av dei beste pensjonsordningane i landet med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Andre opplysningar
- Stillinga blir lønna som driftsteknikar (kode 1136) frå kr. 509 500,- (ltr. 55) til 534 900,- (ltr. 58). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål og karakterutskrift i søknaden din
- Vi oppfordrar kvinner til å søke
- Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen har gått ut. Dersom du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngi dette. Du blir varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge
Kontaktinformasjon
Tore Spjelkavik, Arenaleiar, 404 33 259Arbeidsstad
Andenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:ForsvarsbyggReferansenr.:4541176670
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Adresse
Bardufoss flystasjon, Kaserne E, 9325 Bardufoss
Hjemmeside
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Om stillingen
Stillingstittel
Driftsteknikar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 18. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: ebae7da1b5824df6aab3877e74495253
Stillingsnummer: 9ad13379-0d26-4f8b-b046-42cddd404d9b