Seksjonsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Vi har ledig fast 100 % stilling for seksjonsleiar ved Medisinske legar, Kristiansund sjukehus. Tiltreding etter avtale.
I Kristiansund har vi ei framoverlent og hyggjeleg indremedisinsk avdeling. Vi har eit sterkt fagleg fokus, og setter arbeidsmiljø og trivsel høgt. Vi kan freiste med dyktige kollegaer, fantastisk natur og eit stort utval av mogelegheiter på fritida i Noregs vakraste fylke.
Seksjonen har spesialistar innan generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, gastromedisin, hematologi, geriatri, nefrologi, hematologi og akutt- og mottaksmedisin.
Sjukehuset er av ein oversynleg størrelse, alle kjenner alle og logistikken i kvardagen vert positivt påvirka av dette. Seksjonen satser på fagleg kvalitet, utdanning og ein aukande forskningsaktivitet/ PfD-løp som for tida utgjer to årsverk.
Vi ønskjer oss ein leiar som kan byggje vidare på dei kvalitetene vi har, og som samstundes kan vere ein viktig bidragsytar inn mot samanslåing av sjukehusa i Kristiansund og Molde våren 2025. Det skal framleis vere stor medisinsk aktivitet med poliklinikk og dagbehandling i Kristiansund etter samanslåinga. Det akutte døgntilbodet vert lokalisert til Hjelset mellom Kristiansund og Molde.
Den nye leiaren vil få god støtte og opplæring frå andre i avdelinga/ seksjonen med leiarerfaring.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk utvikling: Samfunnsoppdraget, kompetanse- og verksemdsplan for eiga eining og utvikling av medarbeidarar
- Drift: Samhandling kring pasienten (på tvers), pasientflyt og kvalitet, økonomi og resultat og forbetringsarbeid
- Personal og relasjonar: Verdi og haldningsarbeid, oppfølging og rettleiing av medarbeidarar og ressursplanlegging
- Kommunikasjon og samhandling: Byggje omdømme, informasjon internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er ønskjeleg men ikkje eit krav
- Kurs/ utdanning innan leiing, lov og avtaleverk, ressursstyring, økonomi og prosesskunnskap er ein fordel men vi tilbyr relevant opplæring og kurs etter oppstart
- Erfaring frå pasientretta arbeid, relevant arbeidserfaring og erfaringsbasert IKT-kunnskap
- Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Som seksjonsleiar i Helse Møre og Romsdal kan du forvente følgjande:
- Leiaropplæring og leiarutvikling som gjer at du får den kunnskapen og dei ferdigheitene du treng for å leie
- Tilbud om mentorordning
- Nødvendig leiarstøtte og tilbakemelding på eige leiarskap frå din avdelingssjef
- Tilgang på styringsdata som viser korleis di eining ligg an og utviklar seg
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Avdelingsjef medisin, Petter.Rangnes@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4631655407
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Hjemmeside
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 17. april 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 9fb9a76746154e6b8f4d9191bc3255c0
Stillingsnummer: 9a9e600f-3dd0-457b-bf50-6893e01527cb