Juridisk rådgivar/seniorrådgivar
Vil du vere med å vidareutvikle DSBs eigedomsforvalting? Vi er på utkik etter ein initiativrik og positiv person til ei spennande juriststilling i Juridisk seksjon. Hos oss får du jobbe i eit kompetent og engasjert juridisk fagmiljø. Til stillinga ligg interessante og utfordrande juridiske eigedomsrelaterte oppgåver. DSB eig og forvaltar eigedom på ca 70 lokasjonar – med eit samla areal på nærmare 60.000 kvadratmeter – rundt om i landet.
Vi har ein mangfaldig og kompleks eigedomsportefølje, og som jurist vil du jobbe tett med fagavdelingane i ulike saker. Dette inneber mellom anna saksbehandling og juridisk rådgiving knytt til forhandling og utarbeiding av kontraktar (deriblant leigekontraktar), problemstillingar knytte til fast eigedomsrett, prosjektdeltaking, bistand ved samlokalisering og avhending med meir. Vi ser etter deg som liker å løyse utfordringar både åleine og saman med andre.
Du skal:
- forhandle, utforme og følgje opp kontraktar og leigeavtala
- følge opp avhending av eigedom, miljøsanering, stenging og sikring av fjellanlegg, tilbakeføring av grunnrettar m.m.
- utføre overdraging av heimlar, grunnerverv, utleige, kjøp/sal og frådeling
- utvikle rutinar, malar og strategiar som kan bidra til å effektivisere og profesjonalisere eigedomsområdet ytterlegare
- følgje opp offentlege planar og vedtak som har betydning for eigedomane
- gi juridisk rådgiving og støtte til verksemda når det gjeld eigedomsrettslege/kontraktsrettslege problemstillingar som er knytte til samlokalisering, relokalisering, rehabilitering og ombygging
- følgje opp eksterne samarbeidspartnarar som Statsbygg og Forsvarsbygg
- bidra i arbeidet med offentleg anskaffing
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- mastergrad i rettsvitskap/cand.jur. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
- særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- tryggleiksklarering før tiltreding
Vi ønskjer at du har:
- interesse for og/eller erfaring frå arbeid med kontraktsrett, eigedomsrett og eigedomsforvalting
- erfaring frå offentleg forvalting og saksbehandling
- erfaring frå arbeid med offentleg anskaffing
- erfaring med prosjektarbeid
Personlege eigenskapar:
- sjølvstendig
- samarbeider godt med andre
- strukturert
- ansvarsmedviten
- gode kommunikasjonsevner
Vår nye medarbeidar får:
- ei stilling med gode høve til personleg og fagleg utvikling
- bli del av eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lagånd og godt humør
- fleksibel arbeidstid med sommartid og fleksitidsordning
- jobbe i moderne lokale som ligg sentralt til ved kanalen og brygga i Tønsberg
- tilgang til kantine, treningsrom og høve til å trene i arbeidstida
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årsløn frå kr 604 400 til 661 400 (lønstrinn 65–70) som juridisk rådgivar (stillingskode 1434) eller frå kr 661 400 til 814 900 (lønstrinn 70–79) som juridisk seniorrådgivar (stillingskode 1364) avhengig av kompetanse og erfaring. Av løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Juridisk seksjon er ein av to seksjonar ved Avdeling for juridisk og tryggleik.
Juridisk seksjon har i dag tolv medarbeidarar og assisterer heile DSB. Seksjonen har eit særskilt ansvar for oppgåver som er knytte til forvaltningsrett, EU/EØS og internasjonal rett, lova om sivilvern/folkerett, lovteknikk og lov- og forskriftsarbeid. Seksjonen har vidare ansvar for offentleg anskaffing og oppgåver som har å gjere med eigedomsforvaltinga til DSB. Det er eit overordna mål for seksjonen at vi skal bidra til å styrke kvaliteten på og sikre ei einskapleg tilnærming til dei andre juridiske leveransane til DSB, både når det gjeld regelverk og anna saksbehandling. Som eit ledd i dette arbeidet har Juridisk seksjon ansvaret for å utvikle og forvalte ei rekkje kvalitetssikrings- og opplæringstiltak, og å følgje opp og vurdere krav som forvaltings-, offentlegheits, tryggleiks- og personopplysningslova stiller til verksemda vår.
Stillinga ligg til Juridisk seksjon. Arbeidsoppgåvene er knytte til eigedomsforvalting, juridisk rådgiving, oppfølging av kontraktar og avhending av eigedomar. Prosessane skal vere i samsvar med statleg regelverk, krav i tildelingsbrev og andre styringsdokument, forventningane frå Justis- og beredskapsdepartementet og direktøren. For å sikre samsvar vil stillinga også innebere ansvar for å utarbeide og oppdatere ein strategi for eigedomsforvaltinga til DSB i samarbeid med eigedomsforvaltaren.
DSB er spreidd over mange lokasjonar og disponerer eigedom med ulike eigarforhold. Som jurist med ansvar for eigedomsforvaltinga blir det forventa at du kan utarbeide målsetjingar for eigedomsforvaltinga, bidra til utvikling og profesjonalisering og gi råd ved eigedomsrelaterte juridiske spørsmål. Stillinga omfattar òg avhending av eigedomar som DSB ikkje lenger har bruk for. Det same gjeld juridiske forhold knytte til naboar, kommunar, grunneigarar m.m.
Utover dei eigedomsrelaterte oppgåvene vil du bidra i arbeidet med offentleg anskaffing, vidare generell juridisk rådgiving og kvalitetssikring.
Ei viss reiseverksemd må påreknas; ca 15–20 dagar per år.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
Kontaktinformasjon
Ingvild Martinsen, seksjonssjef, 33 41 25 00Jan Hagfors Greve, juridisk utgreiingsleiar, 33 41 25 00
Arbeidssted
Rambergveien 93115 TØNSBERG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)Referansenr.:4539744047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.08.2022
Om bedriften
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no