Ledige stillingar som museumsvert sommaren 2022
Sunnhordland museum og Venelaget for Gruo på Litlabø søkjer museumsvertar.
For sommaren 2022 er det ledig engasjement for museumsvertar på følgjande lokasjonar.
- Sunnhordlandstunet på Leirvik,
- Halsnøy kloster i Kvinnherad
- Gruvemuseet på Litlabø, Stord
Sunnhordlandstunet på Leirvik
Sunnhordlandstunet på Leirvik er eit flott museumstun med kulturhistoriske bygningar, og publikumsarena med fleire utstillingar for publikum. Tunet er opé 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Vi tilbyr ein variert arbeidsdag med oppgåver som mottak og omvising av besøkjande, kafé og butikk, daglege driftsoppgåver, reinhald og førefallande arbeid. Stillinga kan være aktuell å kombinere med nokre dagar som museumsvert ved Sæbøtunet i Etne.
Vi søkjer deg som er motivert, allsidig og glad i å møta menneske. Du er helst over 18 år, snakkar engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning. Du likar å kommunisera med menneske, er ryddig, sjølvstendig og deltek gjerne i dramaframføringar. Då det kan verta aktuelt å kombinera med nokre dagar på Sæbøtunet vil det vera ei føremon om du har sertifikat kl. B, men det er ikkje eit krav.
For spørsmål ta kontakt med Linda Øen tlf: 97 06 71 36
Halsnøy Kloster i Kvinnherad
Halsnøy Kloster i Kvinnherad er eit museumstun der besøkjande får oppleva restane etter eit av fem augistenerkloster i Noreg. Hovedhust på tunet som er av nyare dato rommar kafe, utstillingar og publikumsmottak. Klosteret er opé 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Vi tilbyr ein variert arbeidsdag med oppgåver som mottak og omvising av besøkjande, kafé og butikk, daglege driftsoppgåver, reinhald og førefallande arbeid.
Vi søkjer deg som er motivert, allsidig og glad i å møta menneske. Du er helst over 18 år, snakkar engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning, og du likar å kommunisera med menneske.
For spørsmål ta kontakt med Helen Petersen tlf: 481 30 020
Gruvemuseet på Litlabø
Som eit pilotprosjekt sommaren 2022 samarbeider ei rekkje aktørar om å opna Gruvemuseet på Litlabø for turistar. Gruvemuseet held ope 5 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Gruvemuseet på Litlabø står i dag fram som ei av landets beste visningsgruver, etter stor innsats frå Venelaget for Gruo gjennom mange år. Vi kan tilby ein variert arbeidsdag med omvising av besøkjande, tog køyring, kafé, reinhald og førefallande arbeid.
Vi søkjer deg som er motivert, allsidig og glad i å møta menneske. Du er over 18 år, snakkar engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning, du likar å kommunisera med menneske. Tog køyring på gruveområdet og inn i gruva gjer at førarkort kl. B er ønskeleg. Dette er fyrste sommarsesong, så du vil kunne vera med å danna grunnlaget for framtidige sommarsesongar.
Som tilsett ved Gruvemuseet på Litlabø vil du bli fylgt opp av representantar for Venelaget for Gruo, medan du formelt er tilsett hjå Sunnhordland museum. Naudsynt opplæring vil bli gjeve.
Høyrest dette spennande ut? Send ein søknad og merk kvar du søkjer sommarjobb. post@sunnhordland.museum.no innan 01.03.2021
Er det periodar i løpet av sommaren du ikkje har høve til å arbeida, må dette gå fram i søknaden din.