Vil du jobbe med barnevern i Bjørnafjorden kommune?
Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden ein trygg oppvekst og bidra til tidleg innsats for barn og deira familiar? Barneverntenesta i Os kommune har to ledige stillingar og vi søker difor etter nye medarbeidarar.
- 100 % vikariat i ett år med mulighet for fast ansettelse som kontaktperson i avdeling hjelpetiltak i heimen
- 100 % fast stilling som kontaktperson i avdeling hjelpetiltak i heimen
Arbeidsstad
Os barnevernteneste har 22 tilsette og er organisert under Oppvekst og kultur, saman med helsestasjon, PPT, skule, barnehage og kultur. Barneverntenesta er flytta inn i nye lokalar sentralt i Os sentrum. Os barnevernteneste får felles leiing med Fusa barnevernteneste frå juli 2019. Frå 1. januar 2020 slår Os og Fusa seg saman til Bjørnafjorden kommune.
Arbeidsoppgåver
Saksbehandling etter lov om barneverntenester.
Oppgåvene inneber kontaktpersonansvar og oppfølging av barn og familiar som får hjelp heime.
Tverrfagleg samarbeid kring barn og deira familiar er ein viktig del av arbeidet.
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig sosialfagleg og/eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet, gjerne relevant vidareutdanning i tillegg.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
Vi ønskjer òg at du har:
- Erfaring frå barnevernsarbeid, arbeid med barn og vaksne.
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team.
- Evne til å sjå moglegheiter og tenke nytt til det beste for barn og deira familiar.
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi.
- Forståing for barneverntenesta sine målsettingar og utfordringar.
- Erfaring frå offentleg forvaltning, tverrfagleg samarbeid og bruk av IT som arbeidsverktøy.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Du må ha førarkort og det er ønskeleg at du har høve til å disponere eigen bil.
Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det, difor må noko arbeid ettermiddag/kveld påreknast.
Menn blir oppfordra til å søkje.
Vi tilbyr
- Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid i nye, trivelege lokalar i Os sentrum.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.